Hopp til innhold

Tjuv stal levebrødet deira, medan dei sov i naborommet

Musikarpar leita desperat på nettet etter at ein tjuv stal dei dyrebare instrumenta deira.

instrumenttyv

Sambuarparet Anna og Robert vakna opp til eit rasert og tomt hus førre veke.

Foto: Eirik Haukenes / Eirik Haukenes

– Vi sov godt, dessverre, seier Anna Ostachowska og Robert Sztorc.

Midt på natta tende nokon eit stearinlys i huset deira.

Stille gjekk inntrengjaren gjennom skuffer og skap. Det vesle bråket musikarparet høyrde i søvne, rekna dei med kom frå katten.

Men spor etter stearin morgonen etter vekte mistanke om at det var nokon som hadde vore inne i huset i løpet av natta.

Kunne ikkje bli erstatta

Med seg hadde tjuven fått det mest verdifulle dei to eigde, nemleg instrumenta deira.

Anna Ostachowska sitt spesielt tilpassa strykeinstrument og alle klubber og stikka til sambuaren sitt slaginstrument var borte.

Instrumenta har vore i paret sitt eige i over 20 år, og dei har brukt fleire år på å lære seg å spele på dei. Dette er instrument som dei spelar best på nettopp fordi dei har spelt på dei så lenge, forklarer Robert Sztorc.

– Det er som ein baby. Etter 23 år med ein baby som veks saman med deg, så blir det eit viktig instrument for deg, seier han.

instrumenttyv

Tjuven tende fleire stearinlys då han var inne hos Anna og Robert. – Tre til fire utbrente lys viser at han tok seg god tid, seier Robert.

Foto: Eirik Haukenes / Eirik Haukenes

Leita desperat

Han og sambuaren Anna Ostachowska er profesjonelle musikarar og speler bratsj og trommer i Operaen i Kristiansund. Paret sjukmelde seg frå stresset som tjuveriet førte til. Ikkje berre fordi nokon braut seg inn i huset medan dei låg og sov, men òg fordi det å miste instrumenta var smertefullt.

Det fanst berre éi løysing – å finne dei att.

Iherdig og håpefulle gjekk dei i gang med å overvake nettsider der instrumenta kunne ha vorte lagt ut for sal. Det var sjølvsagt eit alternativ å kjøpe nye instrument, men det vart ikkje som å få tilbake dei gamle.

– Det er ikkje berre verdi i pengar som vart stole, men ein del av livet vart vekke. Du må finne ein ny versjon av deg sjølv og du må starte heilt på nytt, seier Sztorc.

instrumenttyv

Gjennom fleire dagar, brukte Anna og Robert mykje tid på å søkje etter instrumenta sine. Dei vil ikkje seie kor mykje dei er verd, men summen er betydeleg.

Foto: Eirik Haukenes / Eirik Haukenes

Politiet banka på døra

I litt over ei veke leita sambuarparet seg gjennom nettet i håp om å finne akkurat deira instrument for sal. Samtidig jobba politiet flittig med saka.

Etter kvart som nyheita om innbrotet spreidde seg, kom det inn stadig fleire tips.

Plutseleg ein dag banka det på døra. Der stod politiet med eit smil.

– Vi har noko å vise dykk, sa dei, og henta noko i bilen, fortel Robert Sztorc.

Då politiet kom tilbake, hadde dei instrumenta i hendene.

– Det var ei ekstrem kjensle. Kofferten til eitt av instrumenta var litt øydelagd og dei var litt ustemte, men instrumenta var i god stand, seier han

Eirik Andre Sæther i politiet tror ungdom deler voldsvideoer fordi det er et behov for oppmerksomhet og fordi de har muligheten til det.

Eirik Andre Sæther, avsnittsleiar for etterretning og førebyggjande i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var tips som førte politiet til ein mistenkt i saka. Då dei arresterte instrumenttjuven, tilstod han på staden.

– Personen bidrog sterkt til å fortelje kvar tjuvegodset var, seier Eirik André Sæther, avsnittsleiar for etterretning og førebyggjande i Kristiansund.

Politiet var glade for å kunne gi tilbake noko som var så sårt sakna.

– Det vart veldig godt motteke. Innbrot gjer noko med tryggleikskjensla, og dette var også gjenstandar som var av stor verdi, seier Sæther.

Fikk igjen instrumenta sine.

Anna og Robert var glade for å få igjen levebrødet sitt tysdag kveld. Robert bestemde seg for å barbere og klippe seg fordi han merka at han byrja å bli kjent igjen på gata etter at tjuveriet vart kjent.

Foto: Privat

– Sette ein «støkk»

Gjerningsmannen skal ifølgje Sæther ha vore rusa då han tok seg inn i huset. Personen er ein kjenning av politiet og vil bli framstilt for varetektsfengsling.

Sjølv om instrumenta er på plass og resten av verdisakene har vorte gjort greie for, har innbrotet sett ein støkk i sambuarparet. Dei hadde budd i huset i berre to veker då det skjedde.

– Det er litt skummelt at det skjedde eit innbrot medan vi låg og sov. Vi kjem nok til å stå opp når vi høyrer bråk i huset neste gong, seier dei.