Hopp til innhold

Ottar trudde det var gravtjuvar på ferde...

Kyrkjegardsarbeidaren Ottar Nyhagen fekk seg ei overrasking då han fann ut kven som eigentleg rota kring gravene ved Valderøy kyrkje.

Ottar Nyhagen

Kyrkjegardsarbeidar Ottar Nyhagen plukkar opp eit gravlys som kråka har fått fatt i.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Her ser du lysa ligg slengt utover!

Kyrkjegardsarbeidar Ottar Nyhagen sukkar oppgitt medan han peikar i området av ei elles velstelt grav. Gravlysa er velta over ende og loka er skrudde av.

Ifølge Nyhagen har ein også har ein slite med same problemet på dei andre kyrkjegardane i kommunen. For ikkje lenge sidan var det allehelgensdag og mange tente lys på gravene i minne om sine avdøde. Det vart kråkene glade for, medan Nyhagen fekk eit stort oppryddingsarbeid i hendene.

– Dei skal ha tak i talgen. Dei opnar lyktene og tek ut stearinen. Elles så flyg dei med glasa opp i lufta og slepp det ned på asfalten ved kyrkja såpass det knusar, fortel Nygard om kråkene som tek seg til rette på arbeidsplassen hans.

Artikkelen held fram under bildet.

Velta gravlys

Sjølv om det vert rydda opp jamnleg på kyrkjegarden, går det ikkje lenge før neste behov for opprydding.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Trudde nokon stal frå grava

Lenge opplevde Nyhagen at ting skjedde med gravlysa utan å vite korfor, men då ei dame trudde at nokon hadde stelt stearinlysa frå ei grav ho stelte, skjønte han at noko var muffins.

– Ho sa det på ein slik måte at dei hadde teke lysa frå ho for å setje dei ei anna grav. Det sa eg at eg tvilte på. Etter ei stund kom ho og mannen tilbake. Då såg dei ei kråke som sat og opna loket på ei gravlykt, tok ut stearinlyset – og for avgarde med det, fortel kyrkjegardsarbeidaren.

– Eg bad henne fortelje om det i lokalavisa, for på det tidspunktet var det mange som hadde opplevd liknande og trudd at det var menneske som dreiv ugagn på gravplassen, fortel han vidare.

Skal henge talg i trea

Kråke på kyrkjegard

Ei kråke gjer seg klar for ein ny runde med å skrape talg ut av eit gravlys.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Kyrkjegardsarbeidaren meiner det mest effektive tiltaket mot gravskjendinga, er å skyte kråkene.

– Det var ein gut her tidlegare som var sint på kråka fordi ho rota til ein gravplass som familien hadde. Så fann han eit reir nede blant trea her, med fem egg oppi. Det var gale at vi ikkje kverka egga då, seier han. – For eg har sidan sett at kråkeungane har teke etter mora her på kyrkjegarden.

Men kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug vil først prøve å gå mindre dramatisk til verks.

– Vi får prøve med gode først. I første omgang vil vi prøve å henge opp talg i trea. Så får vi sjå på andre alternativ seinare, seier ho.

Valderhaug synest det er viktig at dei no får bukt med øydelegginga av gravlys so

– Når det gjeld gravminne ... Det er sårt for folk om noko skjer med gravene, så vi vil gjere vårt for å hindre at ein slepp dette problemet framover, seier ho.

Artikkelen held fram under bildet.

Turid Urkedal Valderhaug

Turid Urkedal Valderhaug er kyrkjeverge ved Valderøy kyrkje. Ho håper no å få slutt på kråketrøbbelet.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Kråker er smarte dyr

Ornitolog Alv Ottar Folkestad er ikkje overraska over opplevingane på Valderøy kyrkjegard.

– Kråker er intelligente dyr. Dei er i stand til planlegge og lære av erfaringar. Likeins med meis kan dei lære seg å opne ting som menneske har laga, men då må det vere relativt enkelt, seier han.

Han trur derimot det skal vere mogleg å unngå at kråkene gjer meir gagn på gravplassane.

– Kråker er som dyr og fuglar flest. Dei gjer det ikkje vanskeleg for seg sjølv. Dei vil ha lettast mogleg til gang til mat, seier Folkestad.

Folkestad støttar ideen til kyrkjeverja om å henge talg opp i trea.

– Regulære talglys kan kråka både ete og fordøye. Moderne utgåver som parafin og stearin liknar i konsistens og farge, men er ikkje mat for kråkene. Dei er nok ikkje så smarte at dei skjønar at dei skal halde seg unna, men om ein avleirar dei med dyretalg, så kan det verte meir attraktivt enn gravlys, trur han.

Kråke

Høgt oppe i trea på kyrkjegarden held kråkene til.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK