Hopp til innhold

Trudde brøytebilen skulle velte

Like før klokka elleve kom meldinga om at ein brøytebil hadde køyrt seg fast ved Myklebust i Sande. Vegen vart sperra.

Brøytebil kjørt av veien i Gursken

Sjåfør Arild Moldskred seier at brøytebilen er heilt ny. Prislappen er på 1,8 millionar kroner.

– Eg var sikker på at bilen skulle kome til å velte, men heldigvis gjekk det bra, seier han til NRK sin reporter på staden. Det var blankis på vegen under nysnøen.

I tolvtida var brøytebilen dratt opp på vegen igjen.

Tidlegare på morgonen onsdag kom det mange meldingar om store køyretøy med problem.

Tett snøfall

Det var tett snøfall fleire stader natt til onsdag. Mange småvegar og sidevegar var ikkje brøytte.

Temperaturen låg på null fleire stader, noko som gjorde det svært glatt for dei som måtte ut og køyre.

Tre til sjukehus

I sjutida meldte sunnmørspolitiet om ein kollisjon mellom to bilar på Gudmundset i Skodje. Tre personar måtte fraktast til sjukehus. Vegen vart delvis stengd.

Klokka 08.51 melde politiet at vegen var open igjen.

I titida kom meldinga om at to trailerar stod fast. Ein i Eidemsbakken i Elnesvågen, og ein på Gjemnessundbrua.

Laster Twitter-innhold

Her er vêrvarselet:

Nordvest bris, liten og kan hende stiv kuling på kysten i nord, i ettermiddag minkande. Skiftande skydekke. Snøbyer.

Brøytebil

Det gjeld å ta det med godt humør, men utfordringane er mange ute på vegane i Møre og Romsdal.

Foto: Arne Flatin