Hopp til innhold

Truar med politi og dagbøter

Norddal kommune truar med politisak og bøter etter at campingplasseigar Hans Muri ulovleg har bygd ein veg og fiskeplassar ved Valldøla. Vassdraget er varig verna, og kommunen meiner vegen har endra elveløpet og fryktar flaum. Muri fekk tidlegare i haust krav om å stoppe arbeidet. Vegen og fiskeplassane er tilpassa funksjonshemma.