Truar med millionbot
Statsforvaltaren truar med å gje Veidekke industri i Kristiansund ei tvangsmulkt på 1,5 millionar kroner på grunn av ulovleg utslepp. Årsaka er at Veidekke ikkje skal ha bygd inn ferdigvareanlegget og sett i drift luktreinseanlegget. Bedrifta får no ein frist på fire månader på å få dette til. – Det er veldig sjeldan vi tvangsmulkter i den størrelsen. Overskridinga fører til at mange i Kristiansund kjenner eit ubehageleg lukteutslepp, seier fagleiar Christian Dahl hos Statsforvaltaren. Kristiansund kommune har fått over 400 klagar på luktplager berre hittil i år, dei fleste i samband med problema hos Veidekke. Statsforvaltaren slår fast at Veidekke i dag driv med vesentleg større luktutslepp enn lovleg. Kommunikasjonssjef Helge Dieset seier til NRK måndag ettermiddag at dei jobbar med å utbetre forholda og ønskjer førebels ikkje å kommentere saka ytterlegare.