Hopp til innhold

Trua politiet med motorsag

Ein mann frå Sunnmøre er sikta for ein rekke lovbrot, mellom anna alvorlege truslar og fleire biltjuveri.

Ålesund politistasjon

Ein mann i 30-åra frå Sunnmøre er tiltalt for ein rekke alvorlege lovbrot.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det går fram i ein tiltale frå Sunnmøre tingrett. Mannen i 30-åra er tiltalt for fleire titals lovbrot som skal ha skjedd i løpet av 2015 og 2016. Dei fleste av lovbrota skal ha skjedd på Sunnmøre.

I april i år trua mannen frå Sunnmøre til seg ein bil i Ulsteinvik ved bruk av ein gjenstand som likna på eit skytevåpen.

Han er også tiltalt for ein rekke tjuveri og biltjuveri på Søre Sunnmøre.

Truslar mot politiet

Mannen er også tiltalt for fleire tilfelle av alvorlege truslar mot politiet. Ved eit tilfelle skal mannen ha trua to politibetjentar med motorsag.

Ved eit tidlegare høve skal mannen også ha trua ein politibetjent med å «finne ut kva han heitte og kvar han budde» og at han skulle «kome på døra hans».

Mannen skal også ha vore aggressiv og truande mot to politibetjentar som skulle transportere han til legevakt og trua med å skyte dei med ein pistol som mannen hevda at han skjulte under dyna.

Trua med å brenne ned mottak

Mannen er også tiltalt for ein rekke truslar mot fleire personar. Ved fleire av desse høva skal mannen ha brukt ein våpenliknande gjenstand for å true dei fornærma.

I februar 2016 ringde han også politiet operasjonssentral og trua med å brenne ned asylmottaket i Volda.

Mannen i 30-åra er også tiltalt for å ha tatt kvelartak på ein mann i Mo i Rana slik at han svima av.

Mannen er også tiltalt for bruk og oppbevaring av narkotika ved fleire anledningar, og for køyring i rusa tilstand og utan førarkort.

Tente på cella

Mannen er også tiltalt for brot på straffelova etter å ha tent på gardinene i cella si ved Ålesund fengsel våren 2016.

Brann Ålesund fengsel

I mai sat mannen fyr på gardinene i cella si ved Ålesund fengsel.

Foto: Øyvind Johan Heggstad