Hopp til innhold

Trua med knokejern og pistol

Tre menn i midten av 20-åra er tiltalt for vald og truslar etter at dei braut seg inn i ein bustad på Nordmøre og trua dei som budde der.

Nordmøre tingrett

Tre menn frå Nordmøre må møte i tingretten etter vald og truslar mot ein mann,

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Ifølgje tiltalen skal dei tre mennene frå Nordmøre ha tatt seg inn i leilegheita for å stele.

Dei tre mennene skal ha vore maskerte, og hadde med seg ein pistol og eit knokejern, går det fram av tiltalen frå Nordmøre tingrett.

Inne i bustaden var både bebuaren og ein annan person. Mannen som budde der skal ha blitt dytta inn i leilegheita og slått mot hovudet og kroppen, blant anna ved bruk av knokejernet.

Gjesten skal ha følt seg trua av valden mot mannen i huset, og at gjerningsmennene viste fram ein pistol.

Ved bruk av vald og truslar skal dei tre ha trua til seg ei lommebok med 80 kroner, samt nokre lause gjenstandar.

Saka skal opp i Nordmøre tingrett i slutten av mai.