Trua med kniv i Spjelkavik

Måndag oppstod det ein krangel mellom to menn utanfor Esso i Spjelkavik der den eine trakk kniv.

Politi illustrasjon

Ein mann trakk kniv mot ein annan person under ein krangel i Spjelkavik måndag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var i 10.00-tida måndag at to menn byrja å slåst utanfor ein bensinstasjonen i Spjelkavik.

– Som ein del av denne krangelen trakk den eine av dei to kniv. Vi har no kontroll over begge, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt Borge Amdam til NRK.

Ifølgje han skal ingen vere skadd som følgje av slåstkampen.

Gjerningsmannen med kniv er arrestert av politiet. Ei langvarig usemje mellom dei to mennene skal vere bakgrunnen for krangelen. Sak blir oppretta av politiet.

– Var nok ubehageleg

Sverre Lervåg er dagleg leiar ved Esso i Spjelkavik der hendinga skjedde.

– Eg såg ikkje dette sjølv. Men det var kanskje litt ubehageleg for dei kundane som var her, seier han.

Slagsmål ved Åse

Også i halv 9.30-tida måndag melde politiet om eit anna slagsmål mellom fleire personar frå narkotikamiljøet utanfor ei leilegheit/blokk ved Åse i Ålesund.

Både politi og ambulanse rykka ut til staden, og politiet melde etter kort tid at dei hadde kontroll over situasjonen.

– Det var fleire personar involvert i slagsmålet. To av desse blir tatt med inn til arresten, medan to andre er frakta til legevakt for sjekk. Desse er lettare skadd etter slag og spark, seier Amdam.

Det skal ikkje vere noko samanheng mellom dei to episodane.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.