Det går fram i ein dom frå Romsdal tingrett.
Trua med å brenne ned mottak
Mannen kom aleine til Noreg i 2014 etter å ha søkt asyl, og blei etter kvart sendt til asylmottaket i Vestnes.
Våren det same året tømde han eit pulverapparat inne i lokalet. Pulveret dekte heile korridoren i første etasje og tre sidekorridorar. Brannvesenet måtte seinare fjerne dette med spesialutstyr.
Mannen blei også oppfatta som truande av fleire av dei andre bebuarane, og ein av dei tilsette ved mottaket. Ifølge dommen skal mannen ha sagt at han ville brenne ned mottaket og alle bebuarane. Vitne har forklart at mannen stod fram som aggressiv.
Retten meiner at dette blei sagt med hensikt for å framkalle alvorleg frykt.
Kasta stein på motorsykkel
Etter denne episoden blei mannen flytta til eit anna mottak i Møre og Romsdal.
Eit par månader seinare kasta mannen ein stein på ein passerande motorsykkel, noko som førte til skader på motorsykkelen. Sjåføren stoppa umiddelbart opp og gjekk for å prate med mannen. Ifølge dommen skal sjåføren ha bestemt seg for å ikkje konfrontere mannen då han oppfatta han som svært aggressiv og det han omtalte som «mord i blikket». I staden ringde han til politiet som kom til staden etter ei lita stund og blei tatt hand om av patruljen.
Retten meiner at mannen var klar over at det å kaste steinen ville føre til skade på motorsykkelen.
Mannen blei dømt til fengsel i 25 dagar. 40-åringen har fått litt strafferabatt fordi det har tatt lang tid å behandla saka.
Han blei også dømt til å betale om lag 10.000 kroner i erstatning til forsikringsselskapet Gjensidige.