Hopp til innhold

Trua fleire personar på livet

Fem romdalsmenn er dømde til fengsel etter å ha brote seg inn hos ein sjette mann og trua han og gjestane hans på livet. I fjor sommar maskerte dei seg, tok på militæruniformer og våpenkopiar før dei storma huset til ein dei meinte hadde stole narkotika frå dei. I tillegg til å slå og skyte, stal dei med seg over 50 klokker og andre ting, men ingen av dei vedgjekk straffskuld i retten. No er dei fem dømde til fengselsstraffer frå seks månader til eitt år og fire månader. Éin må også levere inn 15 våpenkopiar.