Hopp til innhold

Trua familiefar med våpen medan barnet hans (5) låg og sov

Store politiressursar leitte natt til søndag etter to menn som skal ha oppsøkt ein familiefar i heimen hans og trua han med eit pistolliknande våpen i Kristiansund.

Mannen var åleine i huset saman med barnet sitt på 5 år.

Mennene som trua han er framleis på frifot, sjølv om store politistyrkar leitte etter dei natt til søndag.

Væpna politiaksjon

Operasjonsleiar Jan-Erik Kjelle

Operasjonsleiar Jan-Erik Kjelle i Nordmøre og Romsdal politidistrikt fortel at politiet framleis er på jakt etter to ukjente gjerningsmenn, etter at ein familiefar skal ha vorte trua med eit pistolliknande våpen på Nordlandet i Kristiansund natt til søndag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Klokka 03.30 fekk politiet i Nordmøre og Romsdal politidistrikt telefon frå ein mann om at han hadde vorte oppsøkt i heimen sin og trua med våpen.

– To menn hadde kome og trua han med eit pistolliknande våpen, fortel operasjonsleiar Jan Erik Kjelle til NRK.

Operasjonsleiaren seier at mannen var åleineforsørgar og at barnet hans på 5 år var i huset deira på Nordlandet i Kristiansund då han vart trua.

– Store ressursar har leita etter dei to mennene i natt, vi har også kalla ut politi frå Molde, opplyser Kjelle søndag morgon.

– Gjerningsmennene er ukjente, men vi veit dei skal vere av utanlandsk opprinning dei også.

Ukjente gjerningsmenn på frifot

Den fornærma mannen er frå Polen og på grunn av språkproblem har situasjonen vore uoversiktleg fortel Kjelle.

– Mannen skal avhøyrast søndag føremiddag. Vi ventar på tolk og håper å få meir oppklaring i situasjonen etter kvart.

Samstundes som mannen sit i avhøyr er åstadsundersøkingar i gang i huset hans.

Våpenet han skal ha vorte trua med er borte.

– Den fornærma mannen seier han hadde hand om våpenet ei stund, men no er det borte, fortel operasjonsleiar Jan Erik Kjelle i Nordmøre og Romsdal politidistrikt søndag morgon.

Barnet til mannen som vart trua er teken hand om av slektningar.

Fleire politiaksjonar

Også laurdag kveld måtte væpna politi rykke ut til Nordlandet i Kristiansund.

Klokka 22.10 ringte ein 48 år gamal mann til politiet og sa han hadde vorte trua med kniv av ein annan mann i samband med ein pengekrangel i heimen sin på Nordlandet.

48-åringen stakk av og vart plukka opp av politiet.

– Vi har pågripe ein mann som er mistenkt i saka. Han er sett i arrest og vil avhøyre han, fortel operasjonsleiar Jan-Erik Kjelle til NRK søndag.

Verken den fornærma 48-åringen eller den 50 år gamle mannen som er pågripen er direkte kjenningar av politiet.