Hopp til innhold

Trua av Bandidos-medlem

Eit Bandidos-medlem i Rogaland er tiltalt for å ha trua ein sunnmøring til å endre forklaring i ei valdtektssaka, der ein mann vart trua til å valdta seg sjølv med ei flaske. Mannen skal tidlegare i vår ha oppsøkt eit familiemedlem til eit nøkkelvitne for å få vedkomande til å trekke forklaringa si. Ifølgje tiltalen opplyste mannen at han kom frå den kriminelle motorsykkelklubben, og at vitnet risikerte alvorlege represaliar dersom han ikkje gjorde som han blei beden om. Straffesaka kjem opp i Jæren tingrett i oktober.

Jæren tingrett
Foto: Ole Andreas Bø / NRK