Hopp til innhold

Her var det tropenatt

Årets første tropenatt gav høge temperaturar heile 28 stadar i landet. – Det er merkverdig, seier meteorologen.

pusur på lurøy

Lurøy på Helgeland var ein av stadane som fekk ei varm natt, med minimunstemperatur på 22,4 grader.

Foto: Ellen-Karin Kolle

CO₂ i atmosfæren
425,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

Det var nok mange som måtte kaste dyna i natt, då gradestokken viste godt over 20 grader.

Heile 28 stadar i landet fekk årets første tropenatt i natt.

– Dette er første gangen vi har tropenatt i år, og då har vi fått 28 målingar. Det er jo ganske merkverdig, seier meteorolog Karen Jarstø Ervik.

Kan vere ei av dei varmaste

Den varmaste natta var det Sunndalsøra som fekk. Den lågaste temperaturen som var målt der i løpet av natta var 24,4 grader. Dette ligg an til å vere ei av dei varmaste nettene som er målt.

– Det ligg an til at Sunndalsøra kan kome på 12. plass over varmaste tropenatt vi har hatt i Noreg sidan vi byrja å måle. Men vi har ikkje fått det bekrefta endå.

Utsikt mot Romsdalshorn

Marstein i Romsdalen var ein av stadane som fekk tropenatt i natt. Om morgonen er det i ferd med å skye over, ved Romsdalshorn og temperaturen fell.

Foto: Linda Mjønes Haukås

Og det er truleg ikkje den siste tropenatta for sommaren, seier meteorologen.

Vi ser tydelege hetebølger i heile Europa, og det er nok forventa at denne sommaren blir varm.

Send oss bilde av vêret der du er ved å fylle ut skjemaet under og legge ved bilde.

Forventa varm natt i nord

Det var venta varme netter i Trøndelag og i Nord-Norge i natt, då dei har fått nyte høge temperaturar dei siste dagane.

Torsdag var det meldt heile 32 grader i Steinkjer og Trondheim, og 30 grader i Mo i Rana og Mosjøen.

Den nordlege delen av landet er som venta godt representert i oversikta over nattas tropetemperaturar. Men i dag snur det.

Vått i nord, tørt i sør

Til helga er det nemleg venta eit vêrskifte i nord, fortel meteorologen.

– Det blir ei våt helg for Nord-Norge, der er det moglegheit for ganske mykje regn spesielt i nordland og finnmark i løpet av helga. Det kan også bli lyn og tore.

Vermelding for Bodø

Det er fallande temperaturar mellom anna i Bodø i dag, og det går mot ein regntung laurdag.

Foto: Skjermdump frå Yr.no

På Austlandet har det derimot regna frå seg, fortel Ervik.

– Det ser ut til at Austlandet har fått regnet dei får i helga, og at det blir ganske tørt på Austlandet og Sør-Austlandet.

På Sør-Vestlandet og Vestlandet er det venta at det blir av og på med byer, i kjent stil.