Hopp til innhold

Trønderlån frå Stokke gard får nytt liv på campingen

Etter ein spektakulær transportetappe frå den gamle trønderlåna frå Stokke gard i Valsøyfjord nytt liv på campingen. – Slike gamle hus har sjel, seier den nye eigaren, Magny Strand.

Valsøyfjord Camping

Valsøyfjord camping bada i maisol. Her er det akkurat så nasjonalromantisk stemning som mange ønskjer at det skal vere.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Den 18 meter gamle trønderlåna sto opphavleg på Stokke gard. Seint onsdag kveld blei huset flytta. Sjølvaste europavegen måtte stengast ein periode. Og no står huset godt plassert på dei nye grunnmurane.

– I god stand

Det var kanskje grunn til å frykte at huset kunne falle frå kvarandre under transporten. Men det heile gjekk svært bra.

– Huset var i mykje betre stand enn vi frykta, seier campingplasseigar Magny Strand til NRK.

Valsøyfjord camping

Slik framstår huset i dag. No kjem ein periode med omfattande restaurering.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Spektakulær transport

Huset er tre etasjar høgt, seks meter breitt og 18 meter langt. Og det måtte seks vogntog med ballast, to mobilkranar og ei trekkvogn til for å flytte bygningen frå Stokke gard i Valsøyfjord til campingplassen.

– Det var mykje folk i sving for å få til dette, seier Strand til NRK.

Valsøyfjord Camping

Det er kraftig tømmer som er brukt i dette bygget.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Huset har sjel

No skal huset restaurerast slik at det kan brukast til overnatting på campingplassen. Det skal bli fire leilegheiter i bygget i tillegg til fem andre rom.

– Gamle hus har sjel. Og eg er glad i gamle hus. Alle husa på campingplassen her er hus som vi har flytta hit og restaurert, seier Strand.

Valsøyfjord camping

Godt plassert på den nye grunnmurane vekkjer bygget allereie stor merksemd.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Familiehistorie

Huset sto opphavleg på Stokke gard i Valsøyfjord. Det var ikkje i bruk. Og seinare viste det seg at det låg litt familiehistorie i huset, fortel Strand.

– Vi ville gjerne ha dette huset om ikkje nokon andre kunne nytte det. Så viste det seg også at tippoldemora mi var fødd i dette huset. Det fekk eg vite etter at det blei flytta hit, fortel ho.