Hopp til innhold

Trøndarar krangla om barrekninga i natt

Politiet i Ålesund måtte tilkallast då åtte trøndarar ikkje blei samde om rekninga etter eit restaurantbesøk laurdag kveld. Ei rekkje fulle folk har skapt krøll fleire stader i natt.

Politiet rykkjer ut på vald i Bergen sentrum

Politiet har tatt hand om mange episodar med fyll og bråk i natt. (Illustrasjonsfoto=

Foto: NRK

Allereie før midnatt blei politiet i Ålesund tilkalt til ein restaurant i Ålesund, for å ta hand om åtte trøndarar som ikkje blei samde om rekninga. Meldinga til politiet gjekk på at dei hadde sloss både inne og utanfor restauranten, og då politiet kom til staden blei alle åtte bedne om å reise frå sentrum.

John Kåre Flo, stabssjef Sunnmøre politidistrikt

Operasjonsleiar John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt seier det har vore ein del fyll i natt, men ikkje uvanleg mykje.

Foto: NRK / NRK

Det har vore ein del fyll i natt, men ikkje spesielt mykje, seier operasjonsleiar John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt.

Også lenger nord har fyll og bråk skapt uro natt til 10. mai. Ifølgje loggen blei sju menn bortviste berre frå Molde sentrum på grunn av fyll og bråk. I Kristiansund skjedde det same med seks menn.

Kom, slo og dro

Frode Gjøsund

Operasjoneleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier dei håper å klare å finne mannen som natt til søndag gjekk til angrep på to personar inne på ein bensinstasjon i Molde.

Foto: Politiet

Tidleg søndag morgon blei to kundar inne på bensinstasjonenen på Bolsønes i Molde slått av ein mann som tilfeldigvis kom innom.

Vi veit ikkje kven mannen er, eller kvifor han slo. No håper vi å klare å identifisere han ved hjelp av bilete frå overvakingskamera, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Mannen skal ha kome til bensinstasjonen i bil, men politiet veit ikkje om han køyrde eller sat på. Han skal også ha vore truande overfor dei tilsette på bensinstasjonen.

Vald mot politet

Ein mann frå Averøy blir meld for vald mot politiet etter å ha sparka ein politimann under blodprøvetaking tidleg søndag morgon. Etter tips om promillekøyring, rykte politiet ut til Kårvåg i Averøy like før klokka halv fire, og fann ein sovande mann i ein bil.

Han nekta å blåse, og måtte difor bli med til blodprøvetaking. Der klarte han å rive seg laus og sparke ein politimann, seier Gjøsund. Han seier bilen til nordmøringen mangla eit bakdekk, og politiet trur difor han har vore borti noko og køyrt eit stykke på felgen.

Fleire unge køyrde heim

Også fleire unge jenter og gutar blei laurdag kveld køyrt heim til foreldra, både i Sunndal og på Åndalsnes. I Molde blei ein tenåring bortvist frå ein utestad etter å ha laga bråk.