Hopp til innhold

– Eg er blå eg, veit du. Blått er nok finast

Cupfinalerusen sit og blir sitjande i Ulsteinvik. For cupfinale og Hødd er ikkje ord ein vanlegvis ser saman. Tromsø er motstandar, og NRK sende ein journalist med Tromsø-anar til Ulsteinvik for å terge litt ...

Stemninga er framleis høg, dagen derpå i Ulsteinvik. Eit høgt hinder blei passert på Høddvoll torsdag, då Brann blei slått i semifinalen. No ventar det neste hinderet i Tromsø på Ullevål 25. november. Vi sendte vår tromsøværing til Ulsteinvik for å ta temperaturen.

Kva tenkjer Ulsteinvik og Hødd-supporterane om finalemotstandar Tromsø?

– Vi blir aldri seriemeister, men no kan vi bli cupmeister.

Det sa assistenttrenar og mangeårig Høddar, Sindre Eid, etter den lett sensasjonelle semifinalesigeren mot Brann torsdag.

Feiringa av 3-1-sigeren gjekk føre seg til langt utpå natt. Fredag var både supporterar, butikkar i Ulsteinvik, klubben og alle sympatisørar av Hødd i ein god cuprus.

Einar Magne Skeide

Talentutviklar i Hødd, og tidlegare Hødd-spelar, Einar Magne Skeide meinte Hødd-vimpelen er langt flottare enn Tromsø sin.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ja, Tromsø, ja?

Den rusen blir nok hengande i Ulsteinvik-lufta lenge. For det er lenge til 25. november.

Då skal Hødd spele cupfinale mot Tromsø, og ei slik oppleving er det langt mellom for små fotballklubbar.

NRK-journalist, og Tromsø-supporter Øystein Antonsen tok turen til Ulsteinvik. Både for å sjekke temperaturen og for å fyre opp stemninga.

– Ja, Tromsø, ja?, seier talentutviklar i Hødd, Einar Magne Skeide, når Antonsen ymtar frampå.

– Det er ikkje umogleg å slå Tromsø. Når ein slår Brann og Haugesund så er ikkje Tromsø umogleg.

NRK sin utsende er utstyrt med Tromsø-vimpel, men Skeide er ikkje i tvil:

– Det er ein fin vimpel, men Hødd-vimpelen er flottare.

Saka held fram under bildet.

Fredrik Aursnes

Hødd sin nye helt, 16 år gamle Fredrik Aursnes frå Hareid, meinte Hareid IL sin raudfarge er langt flottare.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skryt heller av raudfargen til Hareid IL

Hødd sin unge cuphelt, Fredrik Aursnes, er heller ikkje imponert.

– Eg likar raudfargen til Hareid, der eg er frå. Dette er Tromsø sin raudfarge, og dei skal vi knuse i finalen, gliste 16-åringen til NRK sin utsende.

Inne på Høddvollhuset var Hødd-legende og dagleg leiar i Hødd, André Nevstad, heller ikkje i tvil.

– Eg er blå eg veit du.

– Eg synest blått er finast, nikka Nevstad.

Saka held fram under bildet.

Øystein Antonsen

NRK-journalist, og Tromsø-supporter, Øystein Antonsen kødda i Ulsteinvik. Folk blei derimot ikkje så veldig sure ...

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Tromsø-journalist i Ulsteinvik

Her blir Øystein Antonsen invitert inn i butikken av Mariann Bergo Vattøy. Det like etter at han har sprokke fleire blå og kvite ballongar utanfor butikken ...

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Hærverk frå Tromsø-journalisten

I Ulsteinvik sentrum var metodane til NRK-journalist Antonsen meir enn litt ordymting.

Han regelrett øydela blå og kvite ballongar.

– Du må ikkje sprekke ballongane?, seier Mariann Bergo Vattøy – før ho inviterer journalisten inn.

– Denne skal du få, seier journalisten, og gjev frå seg ein Tromsø-vimpel.

– Ei gåve?, spør Hødd-supporter Bergo Vattøy.

– Ja, ver så god.

– Kvar skal eg henge denne då?

– På soverommet, spøkar Antonsen.

Saka held fram under bildet.

Gamlekarane let seg ikkje skremme

Edmund Heimland meiner det må mykje til for at Tromsø skal slå Hødd no.

Foto: Øyvind Sandnes

Mack-øl og måseegg

Heller ikkje gamlekarane let seg imponere. Hødd-supporterar i mange år, Edmund Heimland og Magnulf Løset, flirer vekk kjekkasforsøka til tromsøværing Antonsen.

– Ha ha, nei, Tromsø treng mykje Mack-øl og måseegg om det skal vere ein sjanse i finalen, flirer Heimland.

– Tromsø er det flottast som kunne skjedd Hødd, seier Løset.

– For Tromsø har vi ein god sjanse til å spele jamt med.

Kampen på Ullevål går altså 25. november.