NRK Meny
Normal

Tromsø-Molde er i gang

Innbytter Erling Braut Håland header inn mål, og sender Molde i ledelsen mot Tromsø.

Eliteserien fotball 2017. Tromsø - Molde.

Molde leder 2-1 over Tromsø. Her etter Sander Svendsen utlignet 1-1 før pause.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Gode mot Tromsø

Tradisjonelt sett har Molde hatt god kontroll på «Gutan». Av dei siste 12 kampane laga har spelt mot kvarandre i Eliteserien, har Tromsø berre vunne ein.

Molde har ikkje tapt på sine fem siste kampar, mens Tromsø slit med å kome seg over nedrykksstreken.

Eit Tromsø-lag som slit med å score mål, skal også få slite mot Andreas Linde, som er keeperen med flest redninger i Eliteserien.

Forren tilbake

Forren er tilbake i Molde for tredje gong, etter å ha spelt tre månader for Brighton og vore klubblaus sidan mai.

I juli signerte han kontrakt ut sesongen, men seier han ønsker å bli mange år i klubben.

– Eg vil kjempe om medaljar, gull og europacupspel. Akkurat no er det viktigaste å prate minst mogleg, og levere på bana, sa Forren til NRK etter signeringa.

Ole Gunnar Solskjær var tydeleg på at Forren måtte jobbe for tilliten.

– Han går ikke rett inn på laget. Han trenger tid på å komme i form, men vi vet at han blir bedre og bedre. På sitt beste er han blant de beste stopperne i Norge.

Sist veke spelte Forren då det blei 2–3-siger i treningskampen mot KBK, i dag starter han på innbytterbenken mot Tromsø.

Laster innhold, vennligst vent..