NRK Meny
Normal

Trollstigplatået vann pris for stålarbeid

Dei konkurrerte med DNB og Statoil, men gjekk av med sigeren.

Trollstigen

Trollstigen er landets største naturbaserte turistattraksjon.

Foto: Per Kollstad, Turistvegprosjektet

Trollstigen

Trollstigplatået fekk Norsk stålkonstruksjonpris for den kreative bruken av stål.

Foto: Jarle Wæhler, Turistveg

Trollstigen opna i 1936 og har sidan den tid vore eit ynda turistmål med sine krappe hårnålsvingar og spektakulære utsikt. Trollstigen er Norges største naturbaserte turistattraksjon og har status som Nasjonal turistveg

I 2009 starta arbeidet med å oppgradere Trollstigplatået. No er platået med utkikspunkt, servicebygg og butikk kåra som vinnar av Norsk stålkonstruksjonspris. Stål og betong er grunnmaterialer i anlegget.

Imponerande ingeniørkunst

« Trollstigplatået iscenesetter og fremhever det dramatiske fjellandskapet ved Trollstigen. Gjennom en følsomhet til stedet, imponerende ingeniørkunst kombinert med kunstnerisk nerve i utforming og materialbruk, er dette et blitt et unikt anlegg som på en elegant måte formidler overgangen mellom arkitektur og natur.», skriv juryen.

Prisen blir delt ut anna kvart år av Norsk Stålforbund og Norsk Forening for Stålkonstruksjoner.

Trollstigplatået konkurrerte mot DNB-huset Vestbygget i Bjørvika og Statoils nye regionkontor på Fornebu. Anlegget mottok i fjor prisen Betongtavlen, for arbeidet sitt med betong.