Hopp til innhold

Trollstigen: Treng 50 millionar for å gjennomføre strakstiltak

Det blir jobba hardt for å kunne opne Trollstigen igjen, men det vil koste. Stortinget sa nei til at staten skal ta rekninga.

Trollstigen stengt

STENGT: Trollstigen er førebels stengt på ubestemt tid, på grunn av rasfare.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Torsdag kom nyheita om at Trollstigen blir stengt ut året, på grunn av for stor rasfare.

Fylkesvegsjef i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, seier dei jobbar natt og dag for å finne ut kva for strakstiltak dei kan gjennomføre for å sikre turistvegen.

Vi trenger kanskje rundt 50 millionar kroner. Så kan vi starte opp ganske raskt for å gjere noko som faktisk hjelp.

Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef Møre og Romsdal

Ole Jan Tønnesen ved porten som stenger vegen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil at staten betalar

Leiar for Frp, Sylvi Listhaug, meiner det er staten som skal ta rekninga for rassikringa av Trollstigen, fordi det er ein Nasjonal turistveg.

– Om det er pengar det står på, så bør det ikkje stoppe ei rask opning, seier ho.

Stemd ned

I dag behandla Stortinget forslaget frå Listhaug om at regjeringa saman med fylkeskommunen skulle prøve finne ei økonomisk løysing.

Men forslaget blei stemt ned da Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti sa nei. De betyr at fylkeskommunen må løyse dette sjølv.

Frank Edvard Sve

– Staten har openbert eit ansvar, men nektar å ta det, seier Frank Sve.

Foto: William Jobling / NRK

– Eg er veldig skuffa. Ein er avhengig av at staten bidreg, seier Listhaug som vil jobbe vidare for å få desse partia til å snu.

– Det er jo tragisk for Møre og Romsdal og for næringslivet som no blir brutalt ramma. Det som skjer der, det er nesten ufatteleg, seier Frank Sve som er svært kritisk til at fleirtalet ikkje støtta forslaget.

Har jo ikkje pengar

I Samferdselsdepartementet meiner dei at det er riktig at fylkeskommunen må ta rekninga.

Stenginga av Trollstigen er eit dramatisk tiltak, men eg har tillit til at fylkeskommunen treffer dei tiltaka som er nødvendig for å vareta tryggleiken. I utgangspunktet er Trollstigen ein fylkesveg og det er fylkeskommunen som har ansvaret, seier statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet.

Sve, som er gruppeleiar for Frp på fylkestinget, vil kalle inn til eit ekstraordinært fylkesting.

– Fylkeskommunen har jo ikkje pengar, men det er berre å prøve å finne ei løysing uansett.

Tidkrevjande arbeid

Det store spørsmålet er kor mykje pengar som kjem.

Arbeidet med rastiltaka vil ta om lag 4 månadar, ifølge fylkesvegsjefen. Først etter dette er gjort, kan fagfolk vurdere effekten av dei. Dermed er det ikkje lett å seie når vegen kan bli opna igjen.

– Når vi kan opne igjen, handlar om når vi får gjort noko i fjellet. Når vi kjem i gang, og når vi kan bli ferdig, seier Tønnesen.

I tillegg til desse strakstiltaka jobbar fagfolka med å få på plass meir langsiktige løysingar for korleis dei skal sikre Trollstigen.

Trollstigen har vore prega av ras i mange år. I 2018 slo ein ny rapport fast at vegen var farlegare enn dei hadde trudd.

Året etter vurderte fylkeskommunen å innføre turistskatt for å finansiere rassikring.

Les også Trollstigen stengd ut året

Trollstigen

Har fått avbestillingar

På begge sider av Trollstigen er det fleire bedrifter som tener godt på turistane som skal sjå den svingete vegen. Dei mister mange av sine besøkande når vegen no er stengt.

– Fleire av medlemsbedriftene våre, på begge sider av fjellet, har fått avbestillingar, seier Tom Anker Skrede, dagleg leier for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Tom Anker Skrede

– Det høyrast så lite ut, men det er eigentleg veldig alvorleg for oss. Det seier Tom Anker Skrede, driftsleiar

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Dei har hatt hektisk møteverksemd sidan nyheita om stenginga kom i går. Det som er viktig for reiselivet framover, er å få kommunisert ut at det framleis er mogleg å komme på besøk.

– Vi må jobbe med å få fram informasjonen om at det framleis er mogleg å gjere mykje spennande aktivitetar i regionen. Og at det framleis er opent ute på platået til Trollstigen, påpeiker han.

Trollstigen

Dette platået til Trollstigen er framleis opent for turistar.

Foto: Per Kollstad / Statens vegvesen