Hopp til innhold

Trollstigen og Geiranger – Langvatn blir stengt vidare

Fylkesveg 63 Trollstigen blir heldt stengt inntil vidare på grunn av vêrforholda. Det melder Statens vegvesen. Dei opplyser at det blir gjort ei ny vurdering måndag klokka 09.00. Vegen har vore stengt i over ei veke.

Også fylkesveg 63 mellom Geiranger – Langvatn blir stengt inntil vidare. stengt inntil vidare. Der blir det også gjort ei ny vurdering måndag morgon, melder Statens vegvesen.

Fredag er det ein kort betring i vêrsituasjonen, men det blir kaldare og nedbør til natta, opplyser fylkeskommunen.

– Laurdag og søndag er det i høgda meldt til dels mykje nedbør, opp mot 50 cm snø, kombinert med vind. Då er det ikkje forsvarleg å halde vegane opne. Vi veit at mange, både bubilar og bussar, framleis køyrer på sommardekk, seier Brynjulv Eide, teamleiar vegdrift Nordmøre og Romsdal.

Stengd veg ved Opplenskedal i Geiranger
Foto: Hans-Olav Landsverk / n11257