Trollstigen klar til 800 000 besøkande

Aldri før har brøytinga gått så raskt på den populære turistvegen. Det kan bli opning allereie i neste veke.

Brøyting på Trollstigen

Effektiv brøyting har gjort sitt til at det kan gå mot ei uvanleg tidleg opning av Trollstigvegen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Det har ikkje hendt tidlegare at vi har kome så langt så tidleg, seier veteranen David Grøvdal. No er vegen gjennombrøyta. 75-åringen har vore involvert i den heilt spesielle brøytejobben i 45 år.

Det kan bli rekordtidleg opning av den nasjonale turistvegen. Hundretusener av turistar kan igjen setje kurs mot den nasjonale turistvegen som svingar seg opp gjennom den bratte stigninga i Romsdalen.

David Grøvdal

David Grøvdal har arbeidd med vegen på Trollstigen i 45 av sine 75 leveår.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Det er alltid stor spenning knytt til når vegen kan opne. Rekorden er 8. mai, og no seier Vegvesenet at bommen kan bli låst opp i neste veke.

Den nasjonale turistvegen mellom Romsdalen og Sunnmøre er vinterstengd. Stenginga skjer vanlegvis i november.

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Rauma seier til NRK at 800 000 personar kjem til Trollstigen kvart år. Kjende landemerke som Trollveggen, Mannen og Geiranger ligg like ved.

Trollstigen

Trollstigen er eit verdskjend reisemål. som består av elleve hårnålssvingar. Vegen er heilt oppe i toppen blant dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Lite snø og fint vêr

Brøytemannskapa fortel at arbeidet har vore krevjande, men at det har gått raskt. Det har vore forholdsvis lite snø, og godt vêr. To maskinar har vore i aksjon for å utføre den spektakulære jobben.

Når vegen opnar kan turistane få ei nervepirrande oppleving, ofte under skiftande vêrforhold. Vegen går gjennom elleve hårnålssvingar opp den bratte fjellsida. På toppen ligg Trollstigen kafé, med ein utsiktsrampe som kan ta pusten av dei fleste.

Russarar på Trollstigen

Dei russiske turistane Leonid Gurman, Andrey Kuling og Dmitri Zakharov lurer på kvifor vegen er stengd.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Turistane er tidleg ute

Torgeir Bye, Statens vegvesen

– Ein del stein må vekk før Trollstigvegen kan opnast, seier Torgeir Bye i Statens vegvesen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Denne tysdagen er det også utlendingar å sjå på Trollstigen. Russiske turistar lurer på kvifor det ikkje går an å køyre over til Sunnmøre.

– Vi må rydde ein del stein. Før vegen kan opnast må også Bispefonna smelte eller rase ut. Med greie vêrforhold går det mot snarleg opning, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i Statens vegvesen.