Hopp til innhold

Trollstigen-forslag stemt ned i Stortinget

Framstegspartiet la fredag fram forslag i Stortinget om at regjeringa skulle gå i dialog med Møre og Romsdal fylkeskommune om å saman setje i gang strakstiltak for å kunne opne Trollstigen denne sesongen.

FRP fekk med seg Høgre, KRF, MDG og Venstre, men forslaget fall likevel med 42 mot 59 stemmer.

TROLLSTIGEN
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK