Hopp til innhold

Så rasfarleg at vegen er stengd ut året – folk trassar sperringane

Den ikoniske Trollstigen er stengd resten av året, grunna høg rasfare. Men turistar går og syklar rett forbi bommen. Dei leikar med livet, meiner vegsjefen.

Folk går forbi bommen i Trollstigen. Bildet viser vegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen, som står i forgrunnen i gul refleksdress. Bak bommen kjem ei familie gåande. Dei har gått tur oppover Trollstigen trass vegstenginga.

TRASSAR STENGING: Både gåande og syklande tek seg forbi sperringa til den rasfarlege vegen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er stengt. Det rasar ned steinar!

Med klare ord roper vegsjef Ole Jan Tønnesen på engelsk mot ein syklist som er på veg mot sperringa som har stengt vegen opp til Trollstigen.

Måndag rasa ein stein nedover fjellsida ved den verdskjende turistvegen og trefte ein bil. Torsdag kom nyheita om at Trollstigen er stengd resten av sesongen.

Likevel syklar og spaserer fleire turistar rett forbi bommen. Tønnesen meiner at dei ikkje har noko der å gjere.

– Og om du syklar, sit i ein kabriolet eller køyrer ein bil – dett ein stein i hovudet på deg så treff den like hardt uansett, seier vegsjefen til NRK.

Folk går forbi bommen i Trollstigen. Bildet viser vegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen, som snakkar med ein syklist.

Vegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen, seier tydeleg ifrå til turistane at dei ikkje burde gå opp i Trollstigen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For høg rasfare

Den nasjonale turistvegen i Rauma er vinterstengt. Kvar vår gjer fylkeskommunen, som har ansvar for vegen, undersøkingar for å finne ut kva tid det er trygt å opne den.

I år tok dette litt lenger tid enn vanleg. Og berre ti dagar etter årets sesongopning, rasa ein stein nedover fjellsida og trefte ein bil.

Trollstigen er stengt ut året på grunn av rasfare.

Trollstigen er ein av Noreg sine nasjonale turistvegar. Hundretusenvis av turistar kjem hit kvart år.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Steinen knuste ruta på bilen og hamna i passasjersetet.

Vegen blei stengd i fire dagar, før fylkeskommunen sa at dei ikkje kom til å opne turistvegen igjen denne sesongen. Rasfaren er for høg.

Går forbi bommen

Men turistane som har kome langvegs frå for å oppleve dei knappe svingane og den rå naturen i fjellsida i Rauma, klarer ikkje å halde seg unna.

Store grupper syklistar og gåande meiner dette er dagen for å gå på tur på den rasfarlege vegen.

Ausra og Gintaras Makmarpitios besøkte Trollstigen. Bildet viser dei to som står i vate regnjakker framfor det skoddelagte fjellet.

Ausra og Gintaras Makmarpitios bryr seg ikkje om at vegen er stengd grunna rasfare.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Kvifor ikkje? At det ikkje er lov for bilar betyr ikkje at det ikkje er lov for oss, seier Gintaras Makmarpitios, som er her med kona og familien.

Syklister og gående krysser sperringen opp til Trollstigen.

Syklistar og gåande kryssar sperringa opp til Trollstigen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Men vegsjefen slår klart fast at stenginga av vegen gjeld også for dei som ikkje er på fire hjul.

– Faren er akkurat den same, seier han til NRK.

Leikar dei med livet dei som går og syklar her oppe då?

– Ja, er det ikkje trygt å køyre bil er det heller ikkje trygt å gå, seier Tønnesen.

Han vektlegg at dei har valt å stenge vegen som følge av dei risikovurderingane dei har gjort og faren for nye ras.

– Det er ikkje trygt å køyre her lenger. Då har vi ikkje noko val, vi er nøydd til å stenge. Vi må sette liv og helse først.

Bildet viser turisten Anton og reisefølget som står nede ved parkeringa til Trollstigen.

– Vi ville ta ein relativt enkel tur i området. Då vi kom opp hit såg vi at vegen var stengd, men vi bestemte oss for å berre gå.

Anton (resten av namnet fekk vi ikkje)

Turist

Nyleg 70 år gamle Paul Gaiger frå Tyskland har også køyrt langt for å endeleg få oppleve vegen i det majestetiske fjellandskapet.

– Denne turen er mi gåve til meg sjølv. Eg har drøymt om det i 10–12 år, og no gjorde eg det.

Han er skuffa over at vegen er stengd, men vel å følge anbefalinga og køyre ein omveg.

– Eg har køyrt nesten 6000 kilometer for å kome hit. Og no må eg ta ein rundtur og sjå Trollstigen frå Valldal. Men det er ferie, eg tek det med ro.

Turist Paul Gaiger ved Trollstigen. Han har motorsykkelklede, og ser veldig glad ut, sjølv om han møtte ein stengd veg.

Paul Gaiger seier han er van med alpane, men at Trollstigen er noko heilt anna. – Det er spektakulært. Eg er glad eg er her.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vegen er framleis open mellom Valldal i Fjord kommune og opp til platået på Trollstigen. Det er derimot ikkje mogleg å køyre dei berømte hårnålsvingane i Trollstigen.

Vurderer betre merking

Men utover eit skilt som seier vegen er stengd, og ein bom som stenger vegen for bilar, er det ikkje sett opp noko info for dei gåande og syklande.

Vegsjefen seier dei vil gjere det tydelegare også for dei som vil gå på tur, at det er utrygt.

– Vi kunne kanskje ha opplyst trafikantane betre om at det faktisk er stengt også for gåande, og det har vi diskutert, seier Tønnesen.

Fleire turgåarar tek seg forbi bommen på veg oppover mot Trollstigen i Rauma, sjølv om vegen er stengd.

Vegsjefen seier dei truleg kunne ha merka betre for gåande og syklande.

Foto: Eirik Haukenes / NRK