NRK Meny
Normal

Trollstigen er open igjen

Trollstigen er open igjen etter å ha vore stengt i nesten tre timar fordi ein buss sto fast i ein av hårnålssvingane.

Fast
Foto: Ottar Rydjord

Buss fast i Geiranger
Foto: Tipser
Buss fast i Trollstigen

Bussen sperrar heile vegbana.

Foto: Ottar Rydjord
Buss står fast i Trollstigen
Foto: Tipser

Det var like før klokka 12.00 torsdag at Statens vegvesen meldte at ein buss hadde køyrd seg fast på Trollstigen.

– Bussen hadde køyrt seg fast i ein sving rett ovanfor fossen i Trollstigen, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ottar Rydjord, som er i Trollstigen, fortel at ingen bilar kom seg forbi bussen.

– Det kom masse campingbilar, personbilar og andre bussar som måtte stå i kø både under og over bussen som sperra vegen, seier Rydjord.

Kranbil er på veg

– Eg hadde folk både oppe og nede som informerte bilistane, seier Edmund Meyer i Trollstigen drift til NRK.

Ein kranbil kom seg fram til bussen og fekk han laus rundt klokka 1440.

– Men bussen fekk truleg ein del skader, den hadde kila seg skikkeleg fast. Truleg hadde den ikkje turt å legge seg ut og tok ein for knapp sving, meiner Meyer.