Hopp til innhold

Trøbbel igjen: Krev ny ferje

Frank Sve er lei av problema med bilferja Sykkylvsfjord. Han krev at det blir ny ferje mellom Stranda og Liabygda.

Frank Sve

Frank Sve vil ha ny ferje på sambandet Stranda-Liabygda

Foto: Trond Vestre / NRK

– No er sambandet innstilt igjen! Samferdselspolitikaren Frank Sve (Frp) er oppgitt.

Han ber administrasjonen i fylket førebu ei sak til neste møte i samferdselsutvalet. Han meiner det må kome ny ferje på sambandet.

Ifølge Sve er det lagt inn midlar til auka kostnader på ferjestrekning i budsjettet for 2017.

Frp-politikaren meiner også at kapasiteten må aukast på sambandet.

– Står att mange bilar

Frank Sve seier at Stranda-Liabygda er eit av dei sambanda der det står att flest bilar.

– Eg reknar med at administrasjonen følger opp dette, seier Frank Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL