NRK Meny
Normal

– Som eksamensvakt må eg vere på pletten når nokon treng hjelp

Det er slett ikkje alle som grur seg til eksamen. For mange eldre er det å vere eksamensvakt eit av høgdepunkta i løpet av eit år.

Mariann Eikrem

Mariann Eikrem er pensjonist og ein av dei mange eksamensvaktene i Noreg. No er ho eksamensvakt på sjuande året, og stortrivst i denne rolla.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Å vere eksamensvakt er ein ansvarsfull jobb. Mykje praktisk, med papir og utstyr skal vere på plass til sjølve eksamen. Og vaktene skal sjå til at eksamensavviklinga får føre seg på ein profesjonell og tilfredsstillande måte. Dei skal passe på at ingen juksar, og samstundes skal dei sørgje for at det er ei roleg og behageleg stemning rundt eksamen.

Det er fint å kome seg ut når ein er pensjonist. Vi har eit behov for å ha noko å gjere på, seier Mariann Eikrem. Ho er eksamensvakt på Høgskulen i Volda på sjuande året på rad.

Følgjer med

Det er mange pensjonistar som arbeider som eksamensvakter på skular kring om i heile landet. Dei møter gjerne opp i eksamenslokalet ei halvtime før eksamensstart. Den mest erfarne er gjerne romansvarleg, og syter for at alt går knirkefritt.

No skal eg setje meg på plassen min og følgje med på kva som skjer i lokalet. Eg må vere på pletten om nokon løfter handa og signaliserer at dei vil ut ein tur, forklarer Eikrem.

Tusenvis av skuleelevar og studentar er oppe til eksamen i desse dagar. Dette er viktige prøver som mange gruar seg til.
Men det er også noko som enkelte andre ser fram til med glede. Det gjeld for eksempel eksamensvaktene.

Mariann Eikrem legg vekt på å vere merksam og sjå kva behov studentane har under eksamen. Å vere eksamensvakt handlar ikkje berre om å avsløre juks.

God kontakt

Mange studentar opplever at dei får god kontakt med eksamensvakta, desse få minutta dei er saman. Eksamensdagen kan vere prega av nervar og spenning, og det er jo litt spesielt at vaksne personar må ha følgje når ein skal på do.

Eksamensvaktene er ofte sånn 60 pluss, og sit der med termosen sin, seier eksamenskandidat Anette Lundsvoll. Dei passar på så vi ikkje gjer noko gale, og dei følgjer oss ut når vi treng det, seier Chantelle Cross. Begge er studentar ved Høgskulen i Volda.

– Lyser opp

Nokre studentar legg ekstra vekt på den miljøskapande sida som eksamensvaktene har. For mange eksamensvakter er slett ikkje berre strenge vakthaldarar med stram mine. I alle fall ikkje så lenge alt går rett føre seg i eksamenslokalet.

– I ein stressa eksamensdag lyser dei ofte opp heile dagen, seier student Lars Vidar Gullestad.

– Må vere vaken

Mariann Eikrem veit godt at ho er der for studentane sin del. Ho skal passe godt på så alt går rett føre seg, og at forholda for eksamenskandidatane blir så gode som mogleg.

– Det handlar om å vere vaken og merksam. Vi må passe på heile tida om nokon rettar opp handa og treng hjelp, seier Eikrem. Mange av kandidatane snakkar av og til om seg sjølve, kven dei er og kvar dei kjem frå. Eg likar dette arbeidet, legg Eikrem til.