NRK Meny
Normal

Trimmar seg til betre helse

Frisklivssentralen i Kristiansund hjelper meir enn hundre i året til å få eit betre liv. – Litt meir trim og sunnare mat gjer mykje for kroppen og enda meir for hovudet, seier deltakarane i trimgruppa.

Trimdamer

Desse blide turdamene møtes om lag to gongar i veka for å trene saman i frisk natur.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Ute i naturen, på ei grøn grasslette med utsikt utover sjøen i Kristiansund, er ei gruppe på 7–8 kvinner godt i gong med dagens trimøkt. To gongar i veka har dei møttest på denne måten i løpet av vinteren, og motivasjonen for trening og betre helse er stadig aukande.

– Det er veldig artig å møtes på denne måten, og vi pushar og motiverer kvarandre til å bli betre. I tillegg har vi det veldig morosamt i lag, seier Lise Stokke, som er ein av deltakarane.

Litt hjelper mykje

Anne Cathrine Grav Olsen leiar trimmen og jobbar til dagleg som diabetessjukepleiar på frisklivssentralen i Kristiansund. Ho fortel at det er viktig å byrje i det små.

– All fysisk aktivitet hjelper. Vi meiner det er viktig å ikkje gå for hardt ut og heller byrje i det små. Då er det også lettare å halde motivasjonen oppe, seier ho.

Frisklivssentralen hjelper meir enn hundre i året til å få eit betre liv, både via gruppetreningar og individuell rettleiing.

– Vi har mista kvardagsaktiviteten og blir stadig meir stillesitjande. Vi køyrer over alt, tek heisen i staden for trappa og når vi kjem heim på kvelden er sofaen ofte freistande, seier Olsen.

– Det er lite aktivitet som skal til for å førebygge ein rekke sjukdomar, noko som er veldig viktig. Ein kan byrje i det små, slik som desse damene har gjort, held ho fram.

Betre fysisk og mental helse

For kvinnene i Kristiansund har treningsgruppa endra livet deira til det betre.

– Det er heilt fantastisk. No har eg lyst til å kome meg ut på tur kvar dag. Eg orkar mykje meir enn før og har fått ein ny giv. Eg har rett og slett blitt eit nytt menneske, seier Line Stokke.

Ein av dei andre i trimgruppa, Guri Grytli Holden, er samd.

– Eg trudde eg kunne ein del om helse og kosthald frå før, men no har eg lært enno meir, seier ho.

Treninga har også hatt positiv effekt på den mentale helsa til deltakarane.

– Eg føler meg lettare i hovudet. Alt blir mykje lettare og tankegongen min blir meir positivt når eg trenar, seier Tove Karlsen.

Og kvinnene innrømmer at treningsgruppa har vekt konkurranseinstinktet i dei.

– Ja, vi utfordrar kvarandre og det pressar meg til å ville gi enno meir, seier Stokke.

– Vi gjer kvarandre betre, seier Holden.