Hopp til innhold

Trimma både kroppen og hjernen

Over heile landet har Kom deg ut-dagen blitt arrangert i dag. I Molde vart det så mange som "kom seg ut" at dei gjekk tom for premiar.

Turtipp i Molde

Djup konsentrasjon under Kom deg ut-dagen i Molde.

Foto: Dyre Halse

Folk trassa visst det litt triste vêret og funne fram dei riktige kleda for å gå på tur. Og etter kvart vart det òg opphaldsver.

Turtippen

Kom deg ut dagen i Molde

Både folk og rare dyr kosa seg ute i naturen.

Foto: Dyre Halse
Kom deg ut Molde

Gode vener. Arrangørane hadde ikkje venta at så mange kom. 350 barn og vaksne tok turen.

Foto: Dyre Halse

Og i Moldemarka vart det ikkje berre vanleg trim under Kom deg ut-dagen, men òg ei god økt for hjernen.

– Medan dei gjekk på tur så var der forskjellige postar med spørsmål, både for barn og unge, fortel Dyre Halse leiar for Barnas Turlag i Molde, og medarrangør for Kom deg ut-dagen.

Sidan det var eit samarbeid med Norsk Tipping var det heile utforma som ein tippekupong og kalla turtippen.

– Barn kunne få spørsmål om f eks: I kva fylke ligg Glittertind? Der heime, borte og uavgjort-alternativa var Telemark, Hedmark og Oppland. Medan vaksne fekk litt vanskelegare spørsmål som kor mange hakkespettartar det fins i Noreg, forklarar Halse.

Ettersender premiar

Arrangementet var svært populært. Arrangørane i Molde hadde venta rundt 200 til 250 personar, men heile 350 barn og vaksne tok turen på søndag.

Dette gav premiekrøll.

– Vi var ikkje førebudd på at det skulle kome så mange, så vi fekk for lite premiar. Dei som ikkje fekk vil få ettersendt sine gevinstar, fortel Halse.

Dørstokkmila

Sjølv om det er populært å vere aktiv i naturen, så er det framleis mange som slit med den såkalla dørstokkmila, og det er nettopp den Kom deg ut-dagen ønska å gjere noko med.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi ønska at dette skal vere eit lågterskeltilbod slik at fleire skal reise ut på tur på eiga hand neste helg, fortel Halse.

– Det er viktig å vise at det ikkje er noko vanskeleg å gå på tur. Det er mange som slit med dørstokkmila og er glade for at ungane sit framføre datamaskina, men dei trur eg går glipp av mykje.

Meir og meir populært

Det er Den Norske Turistforening som står bak arrangementet. Dei forventar at 32 000 personar frå heile landet blir med på arrangementet søndag, det er dobbelt så mange deltakarar som Birkebeinarrittet.

– Kom deg ut-dagen har blitt arrangert dei siste fire åra, og vi ser at oppslutninga berre blir større og større, fortel Halse.