Hopp til innhold

–Føler eg treng meir og meir sminke når 9. september nærmar seg

Arbeidarpartipolitikar Else-May Botten seier ho er livredd for å bli dårleg under valkampen. Både ho og dei andre stortingspolitikarane kjempar seg no gjennom eit maraton med lite søvn, kvile og mat.

Else-May Botten

Det tek på å vere politikar midt i valkampen. Else-May kjenner behovet for litt ekstra sminke når det røynar på.

Foto: Privat

Arbeidarparti-politikar Else-May Botten frå Molde seier ho vanlegvis tek av nokre kilo under valkampen anna kvar haust. For dei neste vekene inneheld eit maraton av debattar, intervju, folkemøte og roseutdelingar. For mange av toppolitikarane er det utfordrande å klare å ete og kvile nok.

– Når 9. september nærmar seg føler eg at eg treng meir og meir sminke, ler Botten, og legg til at kleda heng finare og slakkare enn elles.

Tek kraftige dosar med c-vitamin

Den erfarne arbeidarpartipolitikaren vedgår at valkampen tek på kroppen, men seier ho har lært nokre knep gjennom åra.

– Eg går på c-vitamin, tek ein kraftig dose med tablettar og drikkar kvar dag for å unngå å bli sjuk. Vi helser på veldig mykje folk, det blir klemmar og handtrykk an mass, og når kroppen blir såpass sliten som han blir, må eg gjere det eg kan for å unngå at bli sjuk. Eg er livredd for å bli dårleg, seier ho.

Tek knebøy på ferjedoen

Jenny Klinge

Jenny Klinge lagar seg gjerne havregrynsgraut når ho kjem fram til hotellet om kveldane. Av og til et ho også posar med frysetørka middagsmat, slik turfolk brukar.

Foto: privat

Senterparti-politikar Jenny Klinge frå Surnadal brukar ferjeturane til å gå på do og ta knebøy. Dei neste vekene blir ho på konstant reisefot. Som den einaste Sp-politikaren i fylket som kan ha håp om å kome på Stortinget har ho mange programpostar å fylle - åleine. Mange av dei andre partia har fleire å dele på.

– Eg er ganske disiplinert, ler ho.

– Det er veldig lett å bli stiv i nakke og rygg av all bilkøyringa, så eg trenar gjerne i desse pausane, seier Klinge. Og vedgår samstundes at ferjeturane ofte også går med til søvn. For det blir ikkje for mykje verken av søvn, trening eller mat under valkampen.

– Heime tre netter på 5 1/2 veke

Jenny Klinge har kjøpt inn vasskokar, termos, havregrynspakkar og tørka middagsmat i turpakningar, som ho har med rundt i fylket under valkampen. Kvar kveld lagar ho gjerne havregrynsgraut, for å sikre at ho i alle fall får eitt varmt måltid i løpet av dagen. For det kan vere vanskeleg å skaffe varmmat når ho kjem til hotellet ved midnatt, og kjøkkenet for lengst har stengt.

– Under sist valkampen var eg borte i 5 1/2 veke og sov heime tre netter. Det som redda meg den gongen var havregryna, seier Klinge.

Drikk ti koppar kaffi

Harald Nesvik

Stortingspolitikar Harald Nesvik drikk gjerne ti koppar kaffi dagleg, også i valkampen.

Foto: Synnøve Hole

Framstegsparti-politikar Harald Nesvik frå Ålesund drikk gjerne ti koppar kaffi kvar dag, valkamp eller ikkje valkamp. Over ein av dei første koppane på kafe ein onsdag morgon seier han at det hektiske valkamplivet først og fremst er gøy.

– Vi politikarar elskar dette! Alt skjer veldig hurtig. Normalt kan du planlegge dagen din god tid i forvegen, her dukkar det plutseleg opp noko du må løyse medan du er på veg til noko anna. Du må kanskje få sendt ein person i ein debatt, eller ta ein debatt sjølv, seier Nesvik.

Wienerbrød og kake

Partikollega Mette Hanekamhaug frå Molde seier det er ein kamp å få i seg nok og rett næring i løpet av valkampen. Sjølv har ho slite med anoreksi, og er kanskje spesielt bevisst på å få i seg nok energi, og har difor ofte frukt, nøter og anna småmat i veska.

– Du veit aldri når du får mat neste gong. Vi opplever å vere i møte etter møte i sju-åtte timar, og det einaste vi blir tilbydd er wienerbrød og kake, det er jo ikkje noko å leve på, seier ho.

Trenar for å kople av

Mette Hanekamhaug

Stortingspolitikar Mette Hanekamhaug seier ho trenar styrke fleire gongar i veka, og at det er gull verdt for å halde ut.

Foto: Mette Hanekamhaug

Fleire av stortingspolitikarane trenar fast i trimrommet på Stortinget. Mette Hanekamhaug seier ho brukar å trene styrke fire gongar i veka, ein time kvar gong.

– Den timen er gull verdt, det blir ein time der valkamp, politikk, bekymringar eller intervju berre forsvinn. Då er det ingenting anna som står i hovudet mitt enn å løfte den vekta opp og ned, seier ho.

Vil ikkje syte

Om 20 dagar er valkampen over. Frp-mannen Harald Nesvik er veldig forsiktig med å svartmåle valkamplivet. Han fnyser av påstanden om at det kanskje ikkje er bra for helsa. Og han seier det trass i at han for få dagar sidan brukte halvanna døgn for å vere med på ein 25 minutts debatt i Arendal.

– Jo, det er sunt! Eg får frykteleg mykje god energi ved å snakke med folk, det å komme seg rundt og snakke med folk er god folkehelse, det, slår han fast, og legg til:

– Dei som seier at det er tøft og travelt i valkampen bør finne seg noko anna å gjere, smeller stortingspolitikar Harald Nesvik.