Treng fosterforeldre til flyktningbarn

Det er stort behov for fleire fosterheimar når 120 einslege flyktningbarn treng ein plass å bu.

Tove Nygård, Bufetat

Tove Nygård i Bufetat i Ålesund seier at 120 flyktningbarn skal inn i fosterheimar i Midt-Noreg neste år.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi forventar at det kjem eitt tusen barn under 15 år åleine til landet neste år. Berre i Midt-Noreg skal 120 flyktningbarn inn i fosterheim.

Tove Nygård, rekrutteringsansvarleg ved Bufetat i Ålesund, har travle dagar akkurat no.

Dei jobbar på spreng med å finne nye fosterfamiliar. For no er det ikkje berre norske barn som treng omsorg og tak over hovudet.

Bufetat Ålesund

Tilsette ved Bufetat i Ålesund håper fleire familiar vil opne dørene sine når 120 flyktningbarn skal inn i fosterheim. F.v.: Rekrutteringsansvarleg Tove Nygård, rådgjevar Janne Gommesen og seniorrådgjevar Marit Heggen Stokke.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Dei einslege mindreårige som kjem til landet er for det meste gutar i alderen frå 11 til 14 år. Dei fleste kjem frå Afghanistan, men nokre også frå Eritrea og Syria. Dei kjem frå krig og konflikt, og har levd i svært utrygge livssituasjonar. Alle har eit ønskje om ei betre framtid, med utdanning og jobb.

Asylsøkere i Vestleiren

Den store folkestraumen til Noreg har skapt eit behov for fleire fosterfamiliar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Denne veka var det eit informasjonsmøte i Ålesund for folk som vil bli fosterforeldre til flyktningar og asylsøkjarar. Det møtte opp meir enn tjue interesserte.

– Mange vil hjelpe

– Det er mykje om dette i media no. Vi ser at mange ønskjer å hjelpe til, seier Tove Nygård:

– Det er ikkje alle som skal i fosterheim. Dei eldste skal plasserast i bufellesskap i grupper med tre og fire. Men dei yngste har absolutt best av å kome inn i ein familie.

Då får dei lære språket og kulturen lettare, og kanskje får dei også søsken som kan støtte dei, seier Tove Nygård.

Bufetat Ålesund

Det er travle dagar for dei som skal skaffe fosterheimar, for etterspørselen kjem til å auke kraftig i året som kjem.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Store utfordringar

I dag er det 450 fosterfamiliar i Møre og Romsdal. Langt fleire kan det bli når også dei einslege, mindreårige flyktningbarna skal utplasserast.

– Men er det ikkje svært utfordrande for ein vanleg norsk familie å ta imot barn som har opplevd mykje vondt?

– Det skal vi ikkje legge skjul på. Det er mange utfordringar. Men desse barna er ofte veldig motiverte for å gå på skule og å skaffe seg eit nytt liv.

Bufetat Ålesund

– Det verkar som om mange har lyst til å hjelpe, seier Marit Heggen Stokke, Tove Nygård og Janne Gommesen i Bufetat i Ålesund

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Kvifor skal trygge og harmoniske familiefolk ta på seg ei så krevjande oppgåve som det tydelegvis er å vere fosterheim?

– Du får lære meir om andre kulturar og andre land. Du får nokon å vere glad i. Ikkje minst kan du knyte eit livslangt band til eit anna menneske. Dette er noko mange set pris på, seier rekrutteringsansvarleg Tove Nygård ved Bufetat i Ålesund.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.