Nils Magne Abelseth (Foto: Gunnar Sandvik)
Sandøy-ordførar Nils Magne Abelseth støttar ikkje planane før fleire detaljar er avklart, og vil også vite korleis vindmøllene tar seg ut frå fleire stader i kommunen.
Kontroversielle planar
Havgul sine planar om å plassere 227 vindmøller i sjøen frå Vigra i sør til Averøy i nord er kontroversielle. Berre i Fræna kommune er det samla inn 1200 underskrifter mot planane.
Visuell gjennomgang
Alt frå støy til estetikk har vore motargument. Sandøy kommune krev no ein visuell gjennomgang av plasseringa av vindmøllene.
Sandøy kommune vil vite korleis ein vindpark vil ta seg ut frå fleire stader i kommunen. (Bildet er frå ein vindpark i Danmark.)
Det vil seie at innbyggjarane i kommunen må få sjå korleis dei høge møllene vil ta seg ut frå Ona, betongbrua ved Finnøymoloen og vegkrysset på Remma, mellom Brunvoll og Morsundet, seier Sandøy-ordførar Nils Magne Abelseth.
Også grunneigarspørsmål og naboforhold er viktige stikkord Sandøy-politikarane vil ha nærare utgreidd. Det same gjeld for kven som skal betale for oppryddinga når perioden med vindmøller er over.