NRK Meny
Normal

Treng fleire bøsseberarar

19. oktober går årets tv-aksjon går av stabelen. I Kristiansund har berre 20 frivillige meldt seg som bøsseberarar.

Stor bøssebærermangel, ti dager før tv-aksjonen.

Sjå TV-SAK: Det er mangel på bøsseberarar i heile fylket. No oppmodar Gunn Berit Gjerde fleire til å melde seg. (Foto/redigering: Roar Halten).

– Det betyr at vi manglar om lag 240 bøsseberarar berre i Kristiansund, seier Gunn Berit Gjerde leiar i fylkesaksjonskomiteen.

Kringkastingssjefen bestemte tidlegare i år at TV-aksjonen i NRK for 2014 skulle gå til Kirkens Nødhjelp. Organisasjonen søkte om midlar til arbeidet for å sikre tilgang til reint vatn og trygge sanitære forhold i fleire land i Afrika og Asia.

Viktig sak

Med slagordet «Vatn forandrar alt», er målet til Kirkens Nødhjelp å skaffe reint drikkevatn til ein million menneske fordelt på åtte ulike land.

Gunn Berit Gjerde

VIKTIG: Gunn Berit Gjerde meiner det er viktig å hjelpe dei som ikkje har det like godt som oss i Noreg.

Foto: Trond Vestre / NRK

I dag er det berre 10 dagar igjen til årets tv-aksjon, noko som betyr at ein manglar mange bøsseberarar for å nå målet til Kirkens Nødhjelp. No oppmodar Gjerde fleire til å melde seg.

– Dette gjeld ikkje berre i Kristiansund, men også i resten av fylket. No er det viktig at folk stiller opp for ei god sak. Alle som kan er velkomne, seier ho.

Reint vatn er eit av satsingsområda til Kirkens Nødhjelp. I meir enn 30 år har dei utvikla lokale løysingar ved å bygge brønnar, vasspumper, reinseanlegg og sanitæranlegg.

Tilgangen til reint vatn handlar også om helse, og å hindre smitte gjennom ureint vatn. Å hente vatn i opne kjelder fører ofte til sjukdom.

Tal frå Kirkens Nødhjelp viser at om lag 4100 barn dør kvar dag på grunn av diaré. I tillegg drep feilernæring, skittent vatn, manglande tilgang på toalett, sanitære fasilitetar og hygiene 2350 personar kvar dag.

– Når vi ser kor lettvint vi har det her i Noreg, så burde vi gjere ein innsats for å hjelpe dei som ikkje er like heldige som oss, meiner Gjerde.

Gjerde har sjølv våre bøsseberar i ei årerekke, og meiner det kan vere både givande og sosialt å bere bøsse for tv-aksjonen.

– Ta med deg eit familiemedlem eller ein ven på turen. Det kan vere givande på fleire måtar. I tillegg møter ein så mykje givarglede på slike dagar, det er utruleg flott å sjå, seier ho.

Saka held fram etter biletet.

Vannbærere i Tanzania

HENTE VATN: Jentene i Tanzania må gå mange kilometer for å hente vatn til familiane sine.

Foto: Lotte Olsen / NRK

Reddar liv

Tilgangen på vatn er viktig på fleire måtar. Reint vatn kan bidra til å hindre konflikt og sjukdom, betre helse og hygiene og gi kvinner og barn ein større sjanse for å utdanne seg og jobbe seg ut av fattigdomen.

Det er ofte kvinnene eller barna si oppgåve å hente vatn til resten av familien. Heilt frå dei er små må dei gå lange avstandar til næraste brønn for å finne reint vatn.

– Desse jentene bruker nesten heile dagen på å hente og bere vatn til familiane sine. Dette gjer dei i staden for skule og andre ting, seier Gjerde.

Det kan også vere farleg for jentene å krysse store avstandar for å hente vatn. Ifølgje Gjerde er jentene utsett for overgrep og valdtekt på desse lange turane.

– Difor er det kjempeviktig at vi kan få fleire brønnar, meiner Gjerde.

780 millionar menneske verda over har ikkje tilgang på rent vann. Målsetjinga til Kirkens Nødhjelp er å forandre dette i åtte land i løpet av ein femårsperiode.

Desse landa er:

  • Sudan: 300.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Etiopia: 180.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Somalia: 160.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Afghanistan: 100.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Sør-Sudan: 100.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Pakistan: 78.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Tanzania: 50.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Haiti: 50.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.