NRK Meny
Normal

Treng 100 nye fosterheimar

Tusen av born og unge treng hjelp fordi dei har foreldre som ikkje strekk til. No besøker barnevernet ungdomsskular i håp om å få fleire fosterfamiliar.

Tusener av barn og unge treng hjelp fordi dei har foreldre som ikkje strekk til. No går barnevernet ut i ungdomsskulen for å informere.Dei treng 100 nye fosterheimar i Møre og Romsdal.

Sjå TV-saka: Møre og Romsdal manglar om lag 100 fosterheimar. Behovet er stort, fortel barnevernet i fylket.

 Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund

Sofie fortalde elevane ved Kolvikbakken ungdomsskule om fosterheimar.

Foto: Brede Røsjø / nrk

– Det som skjedde heime hos meg var ikkje greitt. Det er mange born som har foreldre som har dårleg råd, som kanskje ikkje kan gi borna nok kjærleik eller som har eit rusproblem.

– Det er mange årsaker til at nokon må i fosterheim, fortel Sofie (19).

Det er ein uvanleg start på skuledagen for Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund. Der får dei om lag 420 elevane høyre den sterke historia til 19 – åringen som kallar seg proff på livet.

Gjer inntrykk

Men ho er ikkje aleine. I gymsalen er det truleg fleire som forstår kva ho snakkar om. Berre i Møre og Romsdal er det 450 born og ungdommar som i dag bur i fosterheim.

– Det er utruleg viktig å få rekruttert nye fosterheimar. Vi håpar å inspirere desse ungdomane slik at dei kanskje går heim til sine foreldre og foreslår at dei kan bli ein fosterheim, seier den unge kvinna.

Tale Liaaen

Tale Liaaen ynskjer etterlyser meir undervisning i skulen.

Foto: brede røsjø / nrk

Det er tydeleg at historia til 19-åringen gjer inntrykk. Fleire av elevane på ungdomsskulen etterlyser meir undervisning i skulen om det vanskelege temaet.

– Vi lærer svært lite om slike ting på skulen, og det er sikker mange som sit med tankar, og lurer på om det dei opplever heime er greitt.

– Då treng ein informasjon om temaet, seier Tale Liaaen, elev ved Kolvikbakken ungdomsskule.

Stort behov

På scena held 19-åringen fram med foredraget.

– Ein må aldri vere redd for å gi beskjed om at ein har det dumt heime, og at ein gruar seg til å fare heim, seier ho.

Sofie

Sofie deler sine erfaringar med ungdomsskuleelevane.

Foto: brede røsjø / nrk

Nittenåringen fortel ei historie med ein lykkeleg slutt, men ikkje alt er roseraudt. Behovet for fosterheimar er stort, og det trengst eitt hundre nye fosterfamiliar i Møre og Romsdal. Birgit Torkildson Grotle, leiar for inntak og fosterheimsrekrutteringa i Ålesund, meiner ein fosterheim kan gjere stor forskjell for dei borna som har det vanskeleg.

– Det viser seg heldigvis at det som regel går bra med dei som bur i fosterheim, seier ho.

– Det er livsviktig. Det sit elevar på skulen som har det vondt og dei lærer ikkje kva som er greitt heime, og det er kjempefarleg, seier 19 år gamle Sofie..