Hopp til innhold

Reiser på trendy villsvinjakt til Estland

Å dra på jakt i utlandet har blitt populært blant norske jegerar. Robert Rønstad planlegg sin femte jakttur til Estland.

Jakt i Estland

Robert Rønstad har vore på jakt i Estland fire gongar før. Der har han tatt både elg og villsvin. No planlegg han ny tur.

Foto: Robert Rønstad

Robert Rønstad

Robert Rønstad er mest oppteken av opplevinga når han dreg på villsvinjakt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Robert Rønstad frå Ålesund har vore i Estland på jakt i sommar, der jaktlaget felte både villsvin og rådyr. I likskap med stadig fleire norske jegerar, har han utvida sesongen ved å dra over landegrensene.

Sidan han har familie i Estland, var det naturleg for han å legge jakta dit. På datamaskina har han bilete frå turane og viser fram eit dødt villsvin med lange støttenner. Jaktkameraten tok med tennene heim.

– Eg er ikkje så oppteken av trofe. For meg er det opplevinga som tel mest, seier Rønstad.

Han skryt av naturen i Estland, som nyleg er kåra til å vere den reinaste i Europa. Dessutan er det få jegerar i landet.

Aukande trend

Norges jeger og fiskeforbund stadfestar at trenden med å dra utanlands aukar. Dei fleste reiser til Sverige eller til dei baltiske landa for å jakte på villsvin. Også rype og hjortejakt i Skottland er populært.

– Hardcore-jegerane dreg til Alaska og Nord-Amerika, seier Espen Farstad.

Han er informasjonssjef i forbundet og synest det er spanande at folk dreg til utlandet og hentar impulsar frå andre jaktmarker. Han trur dei fleste tenkjer som Robert Rønstad, som er ute etter nye opplevingar.

Saken fortsetter under bildet.

Espen Farstad

Espen Farstad seier at det er ein aukande trend å dra til utlandet på jakt.

Foto: privat

Annleis jakt

Å jakte i utlandet er ofte svært annleis enn den nordiske jaktmodellen, der ein går ut i naturen for å hauste av overskotet av ville bestandar. I Danmark avlar ein opp ein million fasan kvart år som skal brukast til jakt.

Robert Rønstad kjenner til at det finst store jaktgardar i Polen, der dei avlar villsvin. Sjølv opplever han ikkje jakta i Estland som veldig annleis enn heime. Dei sit på post og jaktar på ville dyr som lever ute i naturen.

– Men det hender at det kan verte vel spanande. I fjor haust kryssa ein ulv vegen berre 100 meter frå oss, seier Rønstad.

Villsvinjakt i Estland

I Estland er det villsvinjakt året rundt.

Foto: Robert Rønstad

På spahotell

Han køyrer alltid eigen bil til Estland, slik at han får med seg kjøtet heim. Det er lov å ta med seg 75 kilo kjøt heim til Noreg. I oktober planlegg han ny tur til Estland for å jakte på villsvin, elg og gås. Han håper å få med seg to-tre andre jegerar frå Noreg.

Kor dyrt er det å jakte i utlandet?

– Det treng ikkje verte så dyrt. Så klart kostar turen ein del, og så er det jo forskjell på om ein bur på spahotell eller jakthytte, seier Rønstad.

Han meiner at det absolutt ikkje er juks å bu på hotell under jakta.

– Vi skal jo kose oss mest mogleg, så spa er lov, ler Rønstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL