Hopp til innhold

Trenar skal ha brukt spionprogram for å overvake tenåringsjenter

Politiet trur ein sunnmørsmann i 30-åra lurte jenter han var trenar for til å installere spionprogram på datamaskinene sine. Så skal han ha overvaka dei utan at dei ante det minste.

Skjermdump av messengermelding

Denne meldinga har mannen ifølgje politiet sendt til ei av jentene han var trenar for. Ved å trykke på linken skal han ha fått fullgang til pc-en hennar, og kunne overvake henne via webkamera. Politiet fryktar at han kan ha gjort det same med rundt 30 andre han trente.

Foto: Synnøve Hole

Etter det NRK kjenner til skal mannen ha klart å skaffe seg tilgang til pc-ane utan å vekkje mistanke. Politiet seier han sende jentene meldingar med lenker som kunne klikkast på, og når dei gjorde det, blei det samstundes lasta ned spionprogram på pc-ane deira.

Dermed kunne trenaren overvake privatlivet til tenåringsjentene via webkamera på pc-ane, sjå på bilderullane deira og følgje med på kva dei skreiv.

Cathrin Remøy

Politiadvokat Cathrin Remøy seier saka er svært spesiell, og at det manglar rettspraksis på området. Mannen er førebels sikta, og Remøy seier ho truleg vil ta ut tiltale mot mannen i løpet av hausten.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det er heilt openbart at veldig mange av dei han har sendt lenker til kjenner seg svært krenka, seier politiadvokat Cathrin Remøy ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Remøy seier jentene ikkje visste noko om kva dei hadde vore utsette for før politiet tok kontakt.

Kan vere opp til 30 fornærma

Mannen har vore trenar for eit idrettslag på Sunnmøre i ei årrekkje og hatt mange tillitsverv. Politiet er usikre på kor lenge han kan ha overvaka jenter han har trent. I sommar har politiet avhøyrt rundt 20 personar, og endå står det att rundt ti til. Dei fleste skal vere jenter, men det er ifølgje politiet også nokre gutar.

Ein leiar i klubben seier til NRK at jentene har tatt saka svært tungt.

– Den første gongen dei høyrde om dette blei det mykje grining, og mykje usikkerheit om kva han har sett, seier han. Det siste året har klubben hatt fleire møte med jentene og foreldra.

Oppdaga kamera-knagg i garderoben

Allereie i fjor vår slo politiet alarm då det blei oppdaga ein knagg med skjult kamera i garderoben til jentene. Trenaren blei etter kort tid sikta for å ha filma jentene i skjul. Etterforskinga skal så ha avdekt at mannen hadde spionklokker og hadde filma i smug på daglegvarebutikkar og bussar i ålesundsområdet. Ifølgje politiet er det også funne overgrepsbilde av barn hos mannen.

Bilde av kameraet frå garderoen

Denne knaggen fann politiet i ein garderobe i ålesundsområdet i fjor sommar. Den inneheldt kamera som trenaren skal ha brukt til å sjå på jentene når dei skifta.

Foto: Politiet

Advokat Anne Hovde representerer ei av jentene. Ho vil førebels ikkje kommentere saka.

Datatilsynet: – Vanskeleg å oppdage

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet seier dei av og til får meldingar om installasjonar av ulike typar spionprogram, men aldri noko slikt som skal ha skjedd her.

Bjørn Erik Thon

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet seier det kan vere svært vanskeleg å oppdage at ein blir overvaka via datamaskinen. Han slår fast at det ikkje er tillate å spionere på andre.

Foto: Paal Wergeland / NRK

– Veldig mykje av dei vi gjer på nettet er basert på tillit, og dersom det kjem ei lenke frå ein person eller organisasjon som vi har tillit til, er det veldig lett å klikke. Dessutan er også ein del av programma avanserte, og det er vanskeleg å skjøne kva som faktisk skjer når vi klikkar, seier Thon.

Han presiserer at saka ikkje er avgjort rettsleg, men seier det er ei alvorleg krenking av personvernet og klart ulovleg dersom skuldingane mot mannen viser seg å vere rette.

Mannen sin advokat er kjent med påstandane, men har ingen kommentar til saka no.

Les også: