Hopp til innhold

Trenar på ebolahandtering

Meir enn hundre helsearbeidarar i Møre og Romsdal får no opplæring i handtering av ebola-pasientar.

Storstilt opplæring av helsepersonell knytt til Ebola-utbrot.

SJÅ TV-SAKA: Helsepersonell over heile landet får opplæring i korleis dei skal handtere ebolasmitta pasientar. Foto/redigering: Alf-Jørgen Tyssing.

I starten av oktober blei det kjent at ei norsk kvinne som jobba for Leger utan grenser i Sierra Leone var blitt smitta av ebola.

Les alt om Ebola-utbrotet i 2014 her.

No øver helsepersonell over heile landet seg på å ta imot og behandle ebolasjuke pasientar. Undervisninga skjer ved alle sjukehusa i fylket, og omhandlar handtering av hygiene, klede og utstyr.

Viktig opplæring

Ved Ålesund sjukehus øver dei intenst på noko dei håper å aldri få bruk for.

– Og så er det viktig at du trykker maska godt over nasen, forklarar Kathrin Enebakk, smittevernrådgjevar i Helse Møre og Romsdal, medan ho tek på seg ei maske.

Arnold Måsøval-Jensen

VIKTIG: Måsøval-Jensen meiner det er viktig at helsepersonell veit korleis dei skal handtere ebola-sjuke pasientar.

Foto: Alf-jørgen Tyssing / nrk

Deretter er det tre par med hanskar som må på. Utstyret og rutinane må vere på plass når helsepersonell i heile Møre og Romsdal skal lære seg å behandle ebolasmitta personar.

– No får dei ei opplæring i av- og påkleding og bruk av verneutstyr. Ebola er ekstraordinært, så difor er det viktig å kurse dei tilsette som skal vere i beredskap, seier Enebakk.

Det er lange lister med mange punkt ein må gjennom når ein ebola-pasient kjem inn. Sjukdommen smittar ikkje lett, men har ein fyrst fått ebola så er faren for å døy svært stor.

Arnold Måsøval-Jensen, smittevernrådgjevar i Helse Møre og Romsdal, meiner det er viktig at helsepersonell også får opplæring i å handtere dei ebola-pasientane som er i den mest smittsame fasen.

– Sjølv om vi ikkje har desse pasientane no, så må vi ha utstyret på plass og helsepersonellet må vite korleis dei brukar det, seier Måsøval-Jensen.

Føre var

Helsepersonell øver på handtering av ebola-smitte

ØVER: Meir enn hundre helsearbeidarar i Møre og Romsdal får no opplæring i handtering av ebola-pasientar.

Foto: Alf-Jørgen tyssing / nrk

Sjansane er små for at sjukehusa i Møre og Romsdal skal få inn pasientar med ebolasmitte. Likevel vil dei vere føre var.

Intensivsjukepleiar Grethe Andersen var ein av dei mange helsearbeidarane som måndag fekk testa utstyret knytt til handtering av ebolasmitta.

– Det er ganske tungt å puste i, og det blir veldig fort klamt, seier Andersen.

– Trur du at du får bruk for dette utstyret?

– Nei, eg håpar i alle fall ikkje det. Men plutseleg står du i situasjonen og då er det viktig at vi veit kva vi skal gjere, seier Andersen.

– Dersom vi ikkje har gått gjennom rutinane ville det bli katastrofalt dersom vi plutseleg fekk inn ein pasient, held ho fram.