Hopp til innhold

Trenar i Romsdal sikta for seksuell omgang med utøvar

Ein idrettsutøvar har meld den mannlege trenaren for misbruk av stillinga si for å få seksuell omgang.

Norges lover tingrett

SIKTA: Treneren er sikta for seksuell omgang med utøvar.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Politiet i Møre og Romsdal har etterforska saka i snart eitt år. Den mannlege trenaren i eit idrettslag i Romsdal, er sikta for å ha hatt seksuell omgang ved misbruk av stillinga si.

– Dette skal ha skjedd over ein periode, seier politiadvokat Cathrin Remøy. Idrettsutøvaren var under 18 år då dette skal ha skjedd. Forholdet skal ligge eit par år tilbake i tid, men saka vart ikkje politimeldt før i mars 2015.

– Idrettslaget er varsla om saka, seier Remøy, som ikkje vil seie kva idrett det er snakk om.

Politiet har ransaka heimen til mannen og gjort beslag. Remøy vil ikkje kommentere om poliet har gjort funn som kan knytast til saka. Det står framleis att ein del etterforsking.

Det er statsadvokaten som vurderer om det skal takast ut tiltale.