NRK Meny

Trenar filma jenter

Politiet i Ålesund arresterte i går ein mann i 20-åra for ulovleg filming av unge jenter. Mannen hadde festa eit såkalt spionkamera, forma som ein knagg i garderoba som eit idrettslag brukte. Jentene oppdaga sjølv kameraet og melde saka. Mannen har tilstått at det var han som gjorde det, og politiet vurderer no kva følgjer dette får for mannen. Han var også trenar for jentene opplyser politiet.