Trenar dømd

Ein idrettstrenar er dømd for å ha misbrukt posisjonen sin som trenar for å skaffe seg seksuell omgang, melder Rbnett. Trenaren, som er i 40-åra er dømd til fengsel i eitt år, der seks månader er på vilkår med ei prøvetid på to år. Mannen vedgjekk straffskuld på alle punkta i tiltalen. Han blei funnen skuldig i å ha utnytta stillinga som trenar for å skaffe seg seksuell omgang med ei jente som var under 16 år. Dei straffbare forholda skal ha gått føre seg i åra 2012 til 2014. Under etterforskinga av saka oppdaga politiet at mannen hadde hatt seksuell omgang også med ei anna jente under 16 år. Mannen blei dømd i begge sakene. I tillegg til fengselsstraff og å betale erstatning har mannen også mista retten til å vere trenar i tre år.