Hopp til innhold

Trekkjer tilbake oppseiinga

Dagleg leiar i Smøla Taxi, Egil Lillehaug, trekkjer tilbake oppseiinga av drosjeløyva sine i kommunen. I juli sa Lillehaug opp dei tre løyva han hadde på grunn av det han meinte var uakseptable vilkåra i anbodet frå helseføretaket. Dermed ville Smøla miste sitt lokale taxi-tilbod. No held han fram likevel. Ifølgje avisa Tidens Krav er grunnen at Lillehaug føler på eit ansvar for innbyggarane i Smøla.

Egil Lillehaug
Foto: Egil Lillehaug / Privat