Hopp til innhold

Brannvesenet har kontroll på brannen i Ålesund sentrum

Brannvesenet har kontroll på flammane som stod ut av taket på eit trehus i Ålesund sentrum.

Det brann kraftig frå trehuset på Aspøya i Ålesund sentrum. Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Brannvesenet driv no med ettersløkkingsarbeid etter at det brann kraftig frå ein loftsetasje i eit treetasjes trehus på Aspøya i Ålesund sentrum.

– Flammane er avtakande og det same er røyken, opplyser operasjonsleiar Sindre Molnes til NRK klokka 21.05 søndag.

Kort tid etter melde politiet på Twitter at brannvesenet har brannen under kontroll.

Kraftige flammar

Alle naudetatar rykte ut då naboar varsla om brannen klokka 20.22. Flammar stod då ut av loftsetasjen på bygget, det var kraftig røykutvikling og stor spreiingsfare.

– Det er tett med hus i området og ein del vind gjorde at både politiet og brannvesenet var bekymra for at brannen kunne spre seg, seier Molnes, som av den grunn hadde kalla ut ekstra ressursar.

Klokka 21.20 skriv politiet at spreiingsfaren er over. Brannvesenet har finsøkt bygget, og det er ingen personar der

Brann i Kirkegata i Ålesund

Opne flammar stod ut frå loftsetasjen i trehuset.

Foto: Marius André Stenberg / NRK

Innsatsleiar i politiet, Joakim Olsvik, seier til NRK sin reporter på staden at brannvesenet har jobba intenst.

– Då vi kom var her opne flammar. No er dei borte. Kva som er grunnen til at det byrja å brenne er altfor tidleg å seie noko om, seier Olsvik.

Kriminalteknikarar frå politiet vil ta seg inn i bygget for å prøve å finne ut av årsaka til at det byrja å brenne. Dette skjer truleg ikkje før måndag på grunn av varmen som framleis er i bygget.

Brann på Aspøya

Kraftige flammar frå huset i Ålesund sentrum gjorde at politiet bad bebuarane i nærleiken om å lukke vindauga sine.

Foto: Marius André Stenberg / NRK

Ingen skadde

Helsepersonell som er på staden melder at ingen skal vere skadde eller skal ha fått i seg røyk.

Politiet har kontroll på seks av dei sju som budde i huset, og har fått opplyst at den sjuande er bortreist på ferie. Kriseteamet til Ålesund kommune er varsla for å vareta dei som budde i huset, som no ikkje er råd å bu i.

Ifølgje politiet er røyken frå dei opne flammane frå taket giftig. Bebuarane i nærleiken vart difor bedne om å lukke vindauga sine.

– Det var kraftig svart røyk frå huset og slik røyk er ikkje god å få i seg, seier operasjonsleiar Molnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL