Hopp til innhold

Tredjeferja er tilbake i drift

Ferjesambandet mellom Eidsdal og Linge går no som normalt etter at ei av ferjene fekk tekniske problem måndag.

MF Tustna og MF Aukra

FERJETRØBBEL: M/F Aukra vart måndag ettermiddag tatt ut av drift for å hjelpe M/F Tustna til land i Eidsdal.

Foto: NRK-tipsar

Tekniske problem på M/F Tustna førte til store køar på ferjestrekninga mellom Eidsdal og Linge i Norddal kommune måndag ettermiddag.

På eit tidspunkt var berre M/F Geiranger i normal rutedrift, då M/F Aukra måtte hjelpe M/F Tustna til land i Eidsdal.

Utover ettermiddagen var det berre to ferjer som no trafikkerer ferjestrekninga mellom Eidsdal og Linge.

No trafikkerer alle dei tre ferjene strekninga som normalt.

– Problemet er reparert og C-ferja er tilbake i drift, seier Johnny Sande på M/F Geiranger til NRK like før klokka 06.00 tysdag morgon.