NRK Meny
Normal

Tredje ferje sett inn etter mykje press

Etter mykje press har ei tredje ferje blitt sett inn på riksvegferjesambandet Halsa-Kanestraum.

M/F Svanøy

M/F Svanøy går inn som ferje nummer tre på sambandet mellom Halsa og Kanestraum.

Foto: Rolf M. Sørensen / Fjord1

Seinast førre fredag var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ute og kravde ekstra ferje.

– Vi har følgt utviklinga på denne strekninga nøye over tid, og vurdere det no slik at det vil vere behov for høgare frekvens på ferjesambandet gjennom sommaren, sa Solvik-Olsen .

Han etterspurde Statens vegvesen om å løyse utfordringa ved å setje inn ei ekstra ferje til utgangen av september.

Som sagt så gjort

Og nettopp det har blitt gjort. Ferja M/F Svanøy har blitt sett inn som tredje ferje på sambandet mellom Halsa-Kanestraum. Fjord1 og Statens vegvesen Region Midt inngjekk ein avtale torsdag.

«Bakgrunnen for avtalen er sterk trafikkvekst og eit betydeleg tal attståande køyretøy over lengre tid», opplyser Fjord1.

Det blir no tre ferje med 20 minutts mellomrom på sambandet som er ein del av riksveg E39. Den tredje ferja har ein bilkapasitet på 89 personbilar, og blir det største fartøyet på Nordmøre, melder Fjord1.

– Vi ventar at kapasitetsauken vil gi god trafikkflyt og eit sterkt forbetra tilbod til dei reisande, seier ferjeselskapet.

Den nye avtalen strekkjer seg fram til 1. oktober 2014. Etter dette vil ferjesambandet igjen bli drifta av to ferje i samsvar med ordinær ruteplan.