NRK Meny

Tre toppleiarar tilsette

Helse Møre og Romsdal har i dag tilsett tre personar i toppleiarstillingar i samband med omorganiseringa av helseføretaket. Dei tre er Ragnhild Remøy som blir HR-direktør, Jo-Åsmund Lund som blir fagdirektør og Henrik Erdal som blir ny klinikksjef for barn, unge og kvinner. Helse Møre og Romsdal tek sikte på å offentleggjere kven som blir klinikksjef for kirurgi og klinikksjef for akuttmedisin seinare denne veka.