Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter brann i Ålesund

Tre bebuarar er sendt til sjukehus for sjekk etter ein brann i ein einebustad i Ålesund. Eit nabohus blei også evakuert som følge av brannen.

MYRLAND: Ein bustad på Myrland i Ålesund fekk store skader i ein brann natt til tysdag.

Det var like etter klokka 03.00 natt til tysdag at det blei meldt om ein brann i ein bustad på Myrland i Ålesund kommune.

Alle naudetatane rykte ut til staden.

– Då vi kom fram var det opne flammar som kom ut vindauge og taket på bustaden. Dei tre personane som var registrert på adressa kom seg ut av huset for eigen hand, fortel Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.

Desse er sendt til sjukehus for sjekk, men skal ifølge politiet ha vore oppegåande.

Brann i bustad på Myrland i Ålesund

Huset har fått store skader i brannen.

Foto: Kjell MYklebust / NRK

Nabohus evakuert

Brannvesenet fekk raskt starta sløkkingsarbeidet, men på grunn av kraftig røykutvikling blei personar i eit nabohus evakuert.

Andre naboar i området blei også bedd om å halde vindauge stengde på grunn av mykje røyk.

Det er så langt uklart når dei evakuerte får flytte heim, men ifølge Ferstad har nabohuset truleg ikkje fått skader i brannen.

Ukjent årsak

Brannen blei etter kvart sløkt. Det skal ikkje ha vore fare for at brannen ville spreie seg til andre hus.

I 05.00-tida tysdag morgon jobbar brannvesenet framleis med ettersløkking på staden. Bustaden skal ha fått store skader i brannen, ifølge politiet.

Det er så langt uklart kva som var årsaka til brannen.

– No skal brannvesenet få kjøle ned huset og så vil det etter kvart bli tekniske undersøkingar på staden av kriminalteknikarar. Det vil også bli gjennomført avhøyr av vitne og dei som budde i huset. Så håper vi at undersøkingane kan avsløre kva som var brannårsaka, seier Ferstad.