Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter slagsmål i Molde

Tre personar er frakta til sjukehuset i Molde med knivskadar etter eit slagsmål, det melder politiet.

Slagsmål i Molde

Det var i 18.30-tida tysdag at det oppstod ein krangel mellom fire personar i Molde.

– Tre av dei er sendt til sjukehus med knivskadar, men det skal vere snakk om moderate skader, seier Øyvind Sund, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK tysdag kveld.

Det var totalt fire personar, to kvinner og to menn, involvert i slagsmålet som skal ha skjedd i ei bustadblokk i Molde. Alle er av utanlandsk opphav og tre av dei skal ifølgje politiet vere i familie.

Hendingsforløpet er uklart

Det er så langt uklart kva som er årsaka til slagsmålet.

Kriminalteknikarar frå politiet jobbar tysdag kveld på staden, og politiet skal gjennomføre avhør av nokre av dei involverte og vitner i løpet av kvelden.

– Vi har allereie starta etterforskingsarbeidet og vil gjennomføre nokre avhøyr i kveld. Avhør av dei som er frakta til sjukehuset vil truleg skje onsdag, seier Sund.

To av personane er sikta i saken.