Tre til sjukehus

Tre ungdommar måtte sendast til sjukehuset i Molde etter ei trafikkulykke i Fræna.

Politi

Tre personar sat i bilen som køyrde av vegen. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Ulykka skjedde ved Langvatnet i Fræna klokka 23.30.

Ifølge rbnett var bilen på veg frå Farstad mot Elnesvågen. Dei køyrde av vegen ved byrjinga av Langvatnet.

Det skal ha vore glatt vegbane på staden.

Dei tre i bilen skal ha pådratt seg lettare skadar.