Tre til legevakt for sjekk

Tre personar er sendt til legevakt for sjekk etter ein kollisjon mellom ein personbil og betongbil i Skåtadalen i Ålesund. Ifølge politiet er det så langt snakk om lettare personskadar. Betongbilen må også tømmast før den blir fjerna. Vegen er stengt medan bilane blir berga.

Betongbil i skåtadalen
Foto: ELINE GRØTTA