Hopp til innhold

Tre til lege etter arbeidsulykke

Tre personar ved Hustadmarmor i Fræna er sendt til legevakta etter å ha blitt utsatt for eit farleg pulver.

Hustadmarmor

Bergindustribedrifta Hustadmarmor ligg i Elnesvågen i Fræna.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Alle naudetatar rykte like etter klokka 09.00 ut til Hustadmarmor i Elnesvågen i Fræna etter meldingar om at ein slange med pulver hadde roke og at tre personar hadde kome i kontakt med pulveret.

Pulveret kan gi etseskadar.

– Det skal vere snakk om ein slange med pulver som har roke. Pulveret utviklar gass når det kjem i kontakt med vatn, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Sendt til lege

Dei tre, ein sjåfør frå eit anna firma og to tilsette ved Hustadmarmor, vart behandla på staden av helsepersonell og vart deretter sendt til legevakt for vidare undersøkjingar, seier Gjøsund.

– Det er ingen ytterlegare fare på Hustadmarmor no og vi må ikkje til med evakuering.

På grunn av at pulveret ikkje bør kome i kontakt med vatn, har brannvesenet jobba med å tynne det ut for å unngå gass.