Hopp til innhold

Tre tekne av skred i Sunndal – politiet oppfordrar alle i fjellet snu

Ein mann i 50-åra fekk moderate skadar etter at han blei tatt av skred vest for fjellet Tunga i Sunndal laurdag formiddag. Fleire turfølgje blei laurdag oppmoda av politiet om å snu.

Redningsaksjon Sunndal

Ein mann i 50-åra er flogen til sjukehus med skadar etter å ha blitt tatt av eit snøskred vest for fjellet Tunga i Sunndal laurdag føremiddag.

Foto: Norsk Folkehjelp

Politiet oppmoda laurdag ettermiddag alle turfølgje på veg opp i området rundt Sunndalsfjella om å snu, etter at det gjekk eit skred vest for Tunga laurdag formiddag.

To kvinner og ein mann i eit turfølgje på seks blei tekne, og politiet fryktar fleire skred.

– Vi har oppmoda dei om å snu, fordi det har gått skred, og det er fare for fleire skred, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Store styrkar i aksjon

Laster Twitter-innhold
Tove Anita Asp

Operasjonsleiar Tove Anita Asp seier store styrkar har vore involvert i redningsaksjonen laurdag. No er dei fleste dimmiterte.

Foto: privat

Politiet blei varsla om skredet kl. 11.15, og fekk etter kvart hjelp av Norske redningshundar, Røde Kors og Norsk Folkehjelp. Også eit Sea King helikopter og eit ambulansehelikopter blei sett inn i søket.

Laurdag formiddag blei store styrkar sett inn i arbeidet med å finne dei tre, som blei tekne av skredet. Etter ei tid blei to grov ut, to av dei var uskadde. To er laurdag ettermiddag komne ned frå fjellet.

– Ein er no flogen til sjukehuset, vedkomande er ikkje livstruande skadd, men vi veit ikkje skadeomfanget, sier Asp.

Veit ikkje omfanget

Sunndalfjella

Det var her i Sunndalfjella skredet gjekk laurdag føremiddag. Mange er ute på ski i det flotte veret.

Foto: Norsk Folkehjelp

Politiet veit ikkje kor stort skredet er, og ventar laurdag ettermiddag på at dei ulike turfølgja skal kome ned.

Operasjonsleiar Tove Anita Asp seier ho ikkje veit årsaka til skredet, og at det i utgangspunktet ikkje var veldig stor skredfare i området.

– Eg veit ikkje om det er sola eller vinden som kan ha utløyst skredet, seier ho.

Laster Twitter-innhold